Oppgradering

Share

Å oppgradere mobiltelefonen til ny modell medfører mange endringar. Alle kontaktane må førast over frå den gamle til den nye, og nye funksjonar kan takast i bruk.

Den gamle telefonen min arva eg frå Margunn, den nye arva eg frå Helge. Den eg arva frå Margunn hadde eit problem med at han bare av og til kopla seg på internett. Då rann det inn med oppdateringar som var gjort i tida sidan sist. No er eg pålogga heile tida og får oppdateringane etter kvart som dei kjem.

Men det er jo alltid nokre problem når ein går over til noko nytt. Mellom anna kjem det spørsmål om passord, dei skal helst vere sterke, det vil seie lange og med store og små bokstavar pluss tal. Truleg burde eg hatt ein plass der eg noterte passorda eg har slik at eg ikkje ein gong står fast når eg bommar med det eine forsøket etter det andre.

Men det utset eg til seinare….

No vil eg surfe litt på den ny-arva mobilen.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *