Skippertak

Share

I kveld tok vi oss på tak og fekk skrive inn avisene for denne veka. Med vrang rygg har eg utsett det, men snart kjem nye aviser, og då bør dei gamle vere på Setesdalswiki. Heldigvis sette Reidun mot i meg og hjelpte meg, så gjekk det nokonlunde. Men det er mange artiklar som ventar å bli skrivne ut frå desse avisene også, så eg er på langt nær ferdig med dei.

Men dagen i dag fekk vi vere med på ein strålande fin gudsteneste frå Nidarosdomen der preses Olav Fykse Tveit vart vigsla til biskop og med både Kronprinsen, statsministeren og stortingspresidenten til stades. Det var korsang og salmesang på øverste nivå, og orgelmusikken ved Petra Bjørkhaug kunne ikkje vore betre. Dei to liturgane song messeledda og lyden bar godt under den høge kvelvingen i nasjonalheilagdomen.

Eg måtte tenkje på det storarbeidet som er gjort med å byggje ein slik katedral her i steinrøysa. Det skjedde jo i ei tid der ein ikkje hadde hjelpemiddel som dei har i dag når noko skal byggjast.

I veka som ligg bak oss, hadde vi ein tur til Kristiansand og då kunne vi ikkje unngå å legge merke til dei store byggverka som reiser seg vest i Søgne, like over grensa frå Mandal (Lindesnes, som kommunen no heiter). Både Trysfjord bru og tunnelbygginga i Søgne er anleggsarbeid av dimensjonar med formidable hjelpemiddel til å gjere arbeidet.

Men Nidarosdomen, og for så vidt alle slike katedralar bygde for hundrevis av år sidan, forseggjorde til minste detalj med utsmykking ein knapt kan skjøne korleis dei fekk til, tek likevel prisen når det gjeld byggverk. Det var eit skippertak over fleire hundre år og etter det eg veit går det jo framleis, eit slikt byggverk vert jo aldri ferdig.

Men likevel feira dei gudsteneste med song på både norsk, samisk og engelsk i katedralen. Eg får prøve å ta del i feiringa også med ein vrang rygg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *