Solsøsteren

Share

Dei siste dagane har eg slukt 795 sider i romanen Solsøsteren av Lucinda Riley. Den er sjette boka i ein serie og kom på norsk i år etter å ha blitt utgitt på engelsk i fjor. Serien har over ein million lesarar i Norge, så eg er i godt selskap.

I etterordet fortel forfattaren at ho diktar, men legg handlinga tett opp til det som verkeleg skjedde i perioden ho fortel om. Difor møter vi hendingar vi har høyrt om og personar vi har lese om i bøkene hennar.

Når eg les slike bøker, ønsker eg at det hadde vore meg som hadde kunna skrive så fengslande, godt og interessant i ei fortelling om korleis folk lever. Men eg har slått meg til ro med at mine sjangrar truleg bare er leksikonet si faktaskriving og bloggen sine personlege sukk om kva ein kunne tenke og ville, men ikkje maktar å gjere.

Det var vel Peer Gynt som sa det eg siterte ovanfor, om eg hugsar rett.

Ein gong lurte eg på om eg skulle ta for meg eit eksemplar av Setesdølen og sjå om eg i det minste kunne lage ei novelle av noko eg fann der, men det dunsta vegg nokså fort. Om eg nokon gong kjem til å gjere det, står att å sjå.

Solsøsteren var det så stor rift om og så lang ventetid på at Margunn ikkje orka vente på å få henne på Bamble folkebibliotek, så ho kjøpte boka. Då ho var ferdig med den, fekk eg låne den. Sjølv om det tok litt tid å kome inn i miljøet frå dei andre bøkene, gjekk det etter kvart greitt.

Forfattaren har hatt ein hær av gode hjelparar som har passa på å faktasjekke stoffet, slik at det heng saman med dei andre bøkene i serien. Det må ha vore ein stor jobb. No gleder eg meg til neste bok.

Solsøsteren: Electras historie | Lucinda Riley

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *