Vrang rygg

Share

Når ryggen slår seg vrang, er det ikkje så lett å kome opp av senga. Det må takast i forsiktige etappar og helst skulle ein hatt sengeheis eller noko å hale seg opp med.

Når ein sit, burde ein ha noko å støtte seg på når ein skal opp, så ein lenestol med ekstra pute og gode armlene fungerer, men sjølv eit høgt klosett kan ha utfordringar.

Heldigvis kan ein ta tablettar som reduserer smertene noko, men helst ikkje for mange, for det går ut over andre ting.

Men når ein først har kome seg på plass i stolen og har datamaskinen framfor  seg, så går det nokonlunde greitt å skrive ein blogg. Men å ha initiativ til å skrive på Setesdalswiki er det vanskelegare med.

Dei seier at det går over etter nokre veker. Så eg får vel vente og sjå om det stemmer.

Eg kom meg til sjukehuset tysdag slik at bioingeniørane der fekk ta blodprøver og då legen min der såg på dei, var alt normalt etter det han fortalde meg då vi hadde telefonkosultasjon torsdag.

Men det handla jo ikkje om ryggen. På sjukehuset hadde dei sett opp ein paviljong for blodprøvetaking, truleg var det for lite plass der dei gjorde det før. Køen inn til venteromet gjekk heilt ut på gata, så det synte vel sanninga i at ein skal vere ganske frisk for å ta ein tur på sjukehuset.

Reidun held fram med strikking og har heldigvis ikkje problem, så her i huset kan ein seie at det er ein rett og ein vrang.

Bildet tok eg i Søgne der vi stoppa for å handle litt på vegen heim.

Bildet kan inneholde: himmel, sky, basketballbane og utendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *