Basar og bøker

Share

I helga har eg planlagt onsdagssendinga i Valle Radio, og den aktuelle timen kan vel kallast ein time om basar og bøker. Først skal eg snakke med Tallak Hoslemo om Jolemessa på Rysstad 2020, som jo ikkje blir på Rysstad, men som blir digital.

Det blir altså ingen parkeringsproblem, ingen andakt, ingen sang og ingen drøs i kafeen medan ein ventar på åresalet skal trekkjast slik at ein kan få med seg ei bløtkake heim. Stussleg, tenkjer eg, det sosiale fellesskapet slike arrangement skaper er ein viktig del av livet på bygda og kanskje også i byen.

Slik blir det også for jolemessa til Normisjon i Valle, det kunne vi lese i annonsen i avisa sist tysdag. Den fekk eg ettersendt i posten i dag ettersom den ikkje kom på ordinær måte for ei veke sidan.

Men onsdag blir det altså ein prat med Tallak Hoslemo før eg går over til aktuelle julegåver i neste innslag. Då skal eg snakke med Geir Daasvatn om boka han har laga med flotte bilete og små tekstar: Bare ein vanleg kvardag, for ei gåve. Og så har Reidar Tveito laga ei bok om kulturminner og fornminner rundt Byglandsfjord, den får vi også høyre meir om.

Reidar trudde for øvrig at han måtte reise til Valle for å snakke om boka, og det ville han ikkje ein mørk onsdagskveld. Men det lysna mykje då han fekk høyre at eg sat i Mandal og at vi bare skulle snakke på telefonen, då var det bare ei stor glede å kunne snakke om boka, sjølv om han kanskje ikkje trudde det kom til å bli særleg stort sal oppover i dalen, han meinte den nok var altfor lokal. Men ho er å få på Setesdalsmuseet om nokon vil sjå på den.

Til slutt skal Berit Henriksen oppsummere Kulturveka 2020 for oss. Der var det vel korkje basar eller bøker, men kultur er jo alt som vi held på med når vi ikkje strevar for det daglege brød, så eg tenkjer det høver godt likevel.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *