Boklån til inga nytte

Share

I kveld fekk vi Margunn og Stein på besøk. Tidleg i veka hadde eg ein prat med Margunn og fortalde at eg las Aftentid og morgengry av Ken Follett. Så skulle ho ta med Stormenes tid frå biblioteket til meg. Men då ho kom i kveld, hadde eg alt lese over 300 sider i den, ho var til salgs for ein hundrelapp på bokhandelen.

Eg trur ho vart litt lang i maska, for det var boklån til inga nytte. Men på den andre sida var det to utlån, og så kunne ho ta dei med heim. Ho fekk også den boka eg nettopp hadde lese med seg, biblioteket kunne trenge eit eksemplar til. Så då var det kanskje litt til nytte likevel.

Som du skjøner, så er eg i lesemodus for tida. Det har vore godt å gå djupt inn i ei bok og leve med dei personane som blir skildra, sjølv om tilhøva var heilt annleis i England på 1000-talet.

Det blir ofte sagt at bøker er den beste julegave. Den gaven er jo eit problem når hyllene er fulle av bøker. Men prinsippet om at ein kan ta inn ei ny bok om ein tar ut ei gammal eller helst ti gamle, burde kunne gi rom for ikkje bare å kjøpe bøker, men også å låne bøker. Og då kan dei kanskje vere til nytte likevel.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *