Etter presidentvalet

Share

I sendingane i fjernsynet har det ikkje blitt snakka så mykje om at det også var val på mange andre enn presidenten i USA. Men det vart jo likevel sagt at det tok lang tid å fylle ut stemmeseddelen fordi det var så mange ruter ein skulle krysse i.

Så eg tenkte at eg kunne sjå kven som var medlem av kongressen og då gjekk eg til wikipedia. Nettleksikonet er jo som regel oppdatert på det meste, men når det vart spørsmål om kven som var medlemmer av den amerikanske kongressen, var det ikkje noko å finne på norsk.

Men engelsk wikipedia, som jo er den største av alle og når eg skriv dette har over seks millionar artiklar, hadde jo ei fullstendig liste, der det også var biografiar om dei som no har verva. Den lista var ajour pr. 20. oktober 2020, så dei har nok litt å gjere med å oppdatere lista for perioden som startar i januar 2021.

Av lista kunne vi ikkje finne ut om det var mange som hadde røter frå Norge eller Norden, men på tv var det snakk om ein som hadde lært seg norsk, endåtil, Pete Buttigeg. Men han trekte seg tidleg og ga støtta si til Joe Biden. Men han var ikkje på val til føderale verv, så vidt eg kunne finne ut, og perioden hans som ordførar i South Bend gjekk ut i 2020, så han må vel på jakt etter ny jobb. Kan hende blir han ein av dei 4000 som Joe Biden må rekruttere til jobbar etter valet.

Joe Biden official portrait 2013.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *