Heldigvis

Share

Då spanskesjuka herja landet for hundre år sidan, hadde vi ikkje mange telefonar i Norge. Heilt fram til midten på 1900-talet var det få som hadde telefon i eige hus, eg hugsar godt at eg måtte bodsende Reidun om eg ville tale med henne sist på 1960-talet.

Men så kom den store endringa der alle fekk fasttelefon og etter kvart også mobiltelefon. No sit dei aller fleste med ein liten datamaskin i handa som også kan nyttast som telefon.

I dag vart min mobiltelefon nytta til ein samtale med Torbjørn Greipsland. Det førte til at eg fekk nokre artiklar han hadde skrive som eg kunne legge ut på Setesdalswiki. Han ventar på at ein artikkel han har sendt til Fædrelandsvennen skal kome på trykk, og no hadde han fått signal  om at han kanskje snart ville kome, og då ville han dele gleda med meg. For når han har stått i avisa, kan han også kome på Setesdalswiki.

Medan eg snakka med han, fekk eg ein telefon frå kunsine Brit Obrestad på Varhaug. Ho kjempar med alt lauvet som fell ned frå trea, ho likar ikkje at det blir liggjande og råtne på hagestiar og i gardsromet. -Det må vere millionar av blad på eit så stort tre, sa ho. Eg kunne ikkje anna enn å vere samd, men heldigvis er trea rundt oss litt langt borte frå plenane, så det er få blad som landar der.

Og no har eg lagt ut den første artikkelen eg fekk frå Torbjørn på Setesdalswiki. den finn du her:

Henrik Wergeland og Adolph Tidemand kjempet sammen for jødenes rettigheter

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *