Internatmøtene i Valle

Share

Tidlegare i år la eg ned ein god del arbeid i å få til ein artikkel om Internatmøtene i Valle på Setesdalswiki. Desse møtene starta i 1945 og var faste årlege arrangement på ettersommaren heilt til eg kom til Valle i 1991. Det året vart møtet flytta til Hovden Høyfjellshotell og sidan døydde dei ut.

Finn Emanuel Olsen var initiativtakar og han hadde med seg toppar frå Indremisjonsselskapet som talarar, ikkje minst var det mange bibelskulelærarar som gjesta bygda i desse åra.

Difor var det underleg å sjå bilete frå det første internatmøtet i Valle i 1945 som dukka opp på Facebook i dag. Det var publisert av Sigmund Lidi, og var jo henta frå eit album med gamle bilder. Etter det eg veit, var Alfred Hagnor hovudtalar den gongen, han var då landsungdomssekretær i Indremisjonselskapet. Du kan lese meir om møtene på Setesdalswiki.

Internatmøtene i Valle

Her er bildet frå det aller første Internatmøtet i Valle:

Bildet kan inneholde: en eller flere personer

Kanskje finst det bilder frå andre møte også?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *