Munnbind

Share

Det har vore fascinerande å sjå på sendinga frå USA etter presidentvalet. I dag kom resultata frå dei siste statane og folk kom ut i gatene for å feire at Joe Biden hadde vunne valet. Alle hadde munnbind, i alle slags fargar og fasongar, frå skjerf til profesjonelle og sikkert ikkje heilt billege.

Her heime har eg brukt munbind ein gong, det var då eg var på sykehuset i Kristiansand for å ta ein blodprøve. Då brukte eg eit munnbind eg fann ved inngangen. Etter at eg var ferdig, det tok nokre få minutt, stappa eg munnbindet i lomma og tok det med heim. Dei seier det er eingongsbruk, men eg har ikkje kasta det enno.

Helge har vore ti dagar i Oslo og reist med kollektivtransport. Då måtte han bruke munnbind. Men her sør er det ikkje mange som brukar det om dei går på butikken. God avstand mellom folk er det likevel.

Og samlingar vert avlyste, ikkje minst ryk mange julemesser. Eg snakka med søster mi, Solvor, i dag, og deira julemesse på Varhaug var avlyst. Heldigvis kjøper folk lodd likevel, så inntektene stoppar ikkje heilt opp. Men den nasjonale dugnaden må nok halde fram til sommaren.

Så eg burde vel spørje Reidun om ho ikkje kunne kjøpe ei øskje med munnbind neste gong ho er i byen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *