Oppbyggeleg

Share

I dag var det Allehelgenssundag. Det er jo ein dag der mange tek turen til kyrkja. Mange stader les dei opp namna til dei som er gått bort i løpet av året, lys blir tende og tankane går til dei som ikkje lenger er blant oss.

Frå Sverige kunne vi klokka 10 få med oss katolsk messe frå Gävle, der var det mange innvandrarar i kyrkja. Frå Norge var gudstenesta frå Madlamark kirke. Der var det mykje flott sang og musikk og ei fin preike.

Så det vart to oppbyggelege timar for den som likar tradisjonell liturgi og korsang.

Og så har vi ein tradisjon om å snakke med familien i Nittedal på søndagane og denne gongen kunne vi kommentere vårt barnebarn Nikolai sitt kostyme til Haloween. Han hadde satsa sterkt og laga seg eit Svampe-Bob-kostyme av ei stor pappeske. Den hadde han gått rundt i nabolaget med i halvannan time i går, så han var helst stiv i nakken då han kom heim. Men det lønte seg, han hadde fått knask for fleire veker framover, etter det vi fekk vite. Vi fekk ikkje snakke med han, for han var alt reist på fotballtrening.

Då kvelden seig på, det gjer han jo tidlegare og tidlegare no, var det til å planlegge litt for å få innhald til onsdagskvelden i Valle Radio. Det blir bare onsdagssending denne veka, og den er det eg som skal ha. Men programmet er ikkje ferdig enno, så det får vente litt før eg legg det ut på bloggen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *