Studio Mandal 2

Share

Eg lova å skrive meir frå Studio Mandal i kveld, så her kjem andre meldinga.

Eg hadde gjort avtale med Geir Daasvatn om å snakke om den boka han har laga, Bare ein vanleg kvardag, for ei gåve. Tanken var å ha det som andre innslaget i den aktuelle timen. Så etter at Tallak Hoslemo hadde fortald om jolemessa, ringte Liv Gunn til Geir. Men ho fekk ikkje svar. Då tok eg ein telefon til Rita Flottorp, kona hans, og det synte seg at han hadde vore på eit møte tidlegare på dagen og difor hadde sett telefonen på lydlaus. Men etter det fekk vi ein samtale om boka, som han bare hadde få eksemplar att av. Men han vurderte om han skulle få eit nytt opplag. Det var ei fotobok med nokre av tekstane han har skrive på Facebook.

Så kom turen til Reidar Tveito, han har også skrive bok. Den handla om kulturminne og fornminne rundt Byglandsfjord og var akkurat gått i trykken. Tanken var å nå lesarar rundt Byglandsfjord med noko av alt det lokalhistoriske stoffet han har samla gjennom åra. Både Nasjonalbiblioteket og arkiva til Fædrelandsvennen og Agderposten hadde vore gode kjelder.

Reidar kunne også fortelje om ei anna bok han hadde klar saman med Torgeir Moseid. Den handla om Dampsaga, det var opptrykk av eit hefte dei hadde funne og som hadde blitt utvida med meir stoff. Den skulle delast ut gratis på Byglandsfjord, dei håpte på sponsing slik at utgiftene vart dekka og Per Birkeland hadde alt sponsa med 5000 kroner av dei 20.000 som trongst, så no vona han at Bygland kommune også kom på banen.

Siste samtalen var med Berit Junge Henriksen. Ho oppsummerte Kulturveka 2020. Best besøkt og truleg også mest morosamt var innslaget frå Valle bygdekvinnelag der folk gjekk eventyrstien frå Harstad til Tveitetunet og møtte ulike eventurfigurar på vegen. Men også konserten med Øystein Kikut og besøket av Agder Camerat på laurdags føremiddag var fine arrangement som mange hadde fått med seg. Kulturveka er jo laga av lag og organisasjonar som melder inn arrangement til ein komite som så koordinerer og lagar eit felles program. Og Berit hadde ikkje mista motet, det heile starta i 2002, så dei måtte i alle fall halde på til 2022 slik at dei kunne feire jubileum. Kommunen og banken ville sikkert sponse også vidare, meinte ho.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *