Studio Mandal

Share

I kveld hadde Valle Radio igjen sending frå Studio Mandal. Via Skype vart eg kopla til miksebordet i Valle og så kopla Liv Gunn Viki meg saman med dei som eg hadde på kjøreplanen min.

Liv Gunn fekk opplæring av Jørund Georg Jore, og etter nokre innleiande problem gjekk det heile veldig greitt. Eg ville gjerne ha lyd på når det var reklame og musikk, og slik vart det.

Først fortalde Torunn Charlotte Nyberg litt om Kulturveka 2020, men ikkje så mykje, for Berit Junge Henriksen skulle også snakke om den. Men så snakka vi om UNESCO-statusen for Setesdal. Agder fylke har lyst ut ei stiling som prosjektleiar for arbeidet som må gjerast. Mykje av dette vil skje i Bygland, Valle og Bykle, så det kan godt tenkjast at stillinga blir plassert i Valle. Men ho kan også kom til Kristiansand, for ein del arbeid vil vere i fylkeskommunen.

Så var det ein prat med Tallak Hoslemo om Jollemessa på Rysstad som forsvann i korona, den skulle vore 21. november. No måtte folk kjøpe lodd pr telefon eller vipps. Medan dei i fjor nærma seg ein halv million i inntekt, såg han for seg at lotteriet kunne gje 200.000 kroner i år om alt vart utseld, men så var det gevinstar for 50.000 kroner som og skulle betalast, så resultatet kom til å bli mykje lågare i år. I tillegg mista ein det sosiale fellesskapet som ei slik messe er, og det er jo absolutt eit tap når ein ikkje kan samlast i kafeen og vente på å vinne bløtkake eller marsipankake, normalt skulle 200 slike loddast ut.

I morgon skal eg fortelje meir om kveldens sending.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *