93000

Share

Det var eit mål å nå 93 000 artiklar på Setesdalswiki før nyttår, og i kveld klarte vi det. Geir Daasvatn har i det siste teke for seg boka om bruer som Reidar Tveito har laga, og då har han mykje stoff å ta av, for det er sanneleg mange bruer i Setesdal. Artikkelen om Sessane bru vart den som førte oss over på eit nytt tusental.

I 2020 laga vi 1625 nye artiklar, det trur eg er rekord for eit år. Ofte har vi laga 12-1300 på eit år, så det er stor auke. Når vi likevel har angt over 90 000 artiklar, kjem det av at vi har så mange datoartiklar, heilt tilbake til år 1800. Det gjev hjelp når vi skal finne ut kva vekedag ein person vart fødd, mellom anna.

Om vi klarar å halde så høgt tempo i det komande året, er eg ikkje sikker på. Som alt anna er det meste usikkert når det gjeld framtida. Men Setesdalswiki har om lag 500 besøk kvar dag og hadde 9108 unike gjester i 2020. Så vi formidlar framleis informasjon om folk og hendingar i regionen, sjølv om mange finn det dei treng på andre digitale plattformer. Setesdalswiki sin styrke er at stoffet vi skriv, blir liggjande og kan leitast fram seinare, noko som i alle fall ikkje er lett når det gjeld Facebook.

Så vi vil prøve å halde det gåande så langt helse og krefter held også i det nye året og ønskjer alle eit godt nytt år.

Uventa

Share

Ingen trudde det skulle gå jordskred på Gjerdrum og ingen trudde Magnus Carlsen skulle tape i sjakk. Og så skjedde det uventa, og vi sat att noko måpande framfor fjernsynet og kunne knapt fatte det vi såg.

Sjakk vart ikkje så veldig viktig lenger, men medkjensla med redningsfolka som trassa vanskeleg ver og provde å hjelpe folk i Gjerdrum, den var sterk. 1000 personar evakuerte og julestengt Olavsgård hotell opna for å ta i mot. Mange kunne reise vidare, men nokre fekk husrom på hotellet, dei hadde bare det dei gjekk og stod i.

ein eller fleire stader sit det nok folk som har vore ekspertar og sagt at det var trygt å byggje og bu på leirgrunnen. Folk vil nok meine at det er betre å bygge huset på fjell etter dette, akkurat som det heiter i sangen: Har du ditt hus oppå klippen bygd, sikkert i stormen det står. Her er det jo tale om ein annen klippegrunn, for eit av dei mange bileta på Jesus er at han er ei klippe. Mange songar har brukt det bildet, I bygge skal huset på Ordet klippegrunn er mykje brukt til bryllup og Klippe du som brast for meg er kanskje ei av dei salmene som blir meste sunge, Rocjk of Ages, cleft for me.

Framleis leitar dei etter overlevande, men ti var sakna i kveld. Likevel held leitinga fram i tru på at det kanskje kan vere overlevande i nokre av dei 14 husa/ adressane som vart borte.

Årsoppgjer

Share

Lurer du på kor mange kveldar det har vore sending i Valle radio i året som gjekk. Ei opptelling av artiklar i kategoriane Valle radio våren 2020 og Valle radio høsten 2020 syner at det har vore 83 sendingar. Fordelinga er 33 i haust og 50 i vår og sommar.

Gjenno desse mange programma har du fått intervju, kåseri, andakt, musikk i mange sjangrar og av mange folk. Når politikarar rosar det frivillige arbeidet som vert gjort i landet vårt, er også Valle radio med i dei som kan sole seg i glansen. For her er alt arbeidet frivillig, både programleiarar og teknikarar er frivillige.

Du har fått møte lokalsamfunnet i Setesdal og kanskje særleg i Valle og Bykle, men også Bygland og Evje og Hornnes gjennom programma i radioen. Av og til har tematikken toucha det som vert skrive i avisa, men ofte er det originale vinklingar og andre problemstillingar som er i fokus.

Til dømes prlver Siri å spegle det frivilige kristelege arbeidet i bygdene, dette kjem kanskje ikkje så godt fram i andre media, men i Valle radio er tysdagens sending ofte prega av denne vinklinga. Men slett ikkje alltid, ofte finn også andre tema plass i tysdagssendinga.

I dette vanskelege året er det grunn til å takke Siri Johannessen ekstra for innsatsen. Ein periode var det bare ho som fekk gå i studio, det var i starten av koronatida. Då heldt Siri radioen i gang aleine, Sanneleg laga ho også radio 17. mai, som jo også var uvanleg i år. Då kom talen for dagen frå studio i radioen.

Tankestrek

Share

Ein tankestrek kan føre mange stader. Eg trur Linda Eide og Gunstein Vetrhus var inne på noko slikt i eit program på tv nyleg. For medan du held ein tanke i hovudet, eller på papiret, kjem tankstreken og flyttar perspektivet, ja kanskje meir til.

I desse koronatider er det ikkje så lett å samle sjakkspelarar tête-a-tête, ansikt til ansikt. Så då finn ein ei digital løysing og får arrangere julesjakk likevel. Det er morosamt å fylgje med, eitt parti i dag enda remis med bare kongane att på brettet. Dei kan jo ikkje kome nær kvarandre, så då måtte det bli remis.

Sjølv om det er romjuls-sjakk, er det visst ikkje romjuls-snooker. Det kunne det godt ha vore, det er i alle fall meir interessant enn kvalifisering til eit hopprenn, som plutseleg var viktig å vise.  – Rett nok ser eg på hoppuka nyårsdgen, men kvalifisering til eit av renna i romjula, er jo litt mindre interssant.

Men dagen i dag har eg for det meste hatt i 1. vannrett – bare av og til avbrote av 2. loddrett. Slik er det når frukosten vil opp att, – då smakar ikkje middagen heler. Men riskjeks – den får eg i det minste ikje opp att lenger.

Rapport frå Jæren

Share

Medan eg sat og funderte på kva eg skulle skrive om på bloggen i kveld, ringte søster mi, Solvor, prestekone på Varhaug. Dei har alle barna og barnebarna nesten i gangavstand frå heimen, så der får familiejul ei utvida tyding: Ein dag den familien og barna, neste dag den andre, og tredje dag den tredje.

Og så har dei store familiar, så når folk kjem saman, går det ei bøtte med heimelagawaldorfsalat (utan valnøtter) der vi hos oss klarar oss med eit beger frå Delikat sine hyller.

Så går praten om laust og fast. Mannen hennar er pensjonert, men vikarierer som prest i Gjesdal, i så måte var det vel som då han var i jobb, presten kjem vel som oftast noko seint heim til julemiddagen.

Far min var kyrkjetenar og kom likevel heim seinare, for han skulle ringe jula inn på Ålgård frå klokka 17 til 18. I den tida hadde dei ikkje ringemaskin, og han måtte byte på å ringe og å kime med handmakt. Kiminga betydde at han måtte øvst i tårnet og slå på klokka med kolben. Det kunne vere kaldt, for lukene måtte jo vere opne, så lyden kunne nå ut. Når han endeleg kom heim, minnast eg at han var nokså forfrossen. I tillegg kima det i øyrene hans ganske lenge etter at han var ferdig.

Men så langt eg kunne forstå var rapporten av veret samsvarande med min eigen rapport, det regnar og blæs. Godt å ha hus og heim i ein slik mørk og kald vinter.

Nytt tusental før nyttår?

Share

I ei melding til meg før jul undra Geir seg på om vi kom til å nå eit nytt tusental artiklar på Setesdalswiki før jul. I så fall måtte det skrivast ti nye artiklar kvar dag. Eg var nok ikkje så sikker på det, og sjølv vil eg på ingen måte ta æra for det om det lukkast. Men no har vi seks dagar att og manglar knapt seksti, i skrivande stund er det 92941 artiklar.

Eg skreiv i går om at eg las Felemakaren av Edvard Hoem. Så gjekk eg laus på Kongen forteller av Harald Stanghelle. Den fekk eg også til jul. Harald Stanghelle hadde 11 lengre samtalar med kong Harald, og dei er det blitt bok av. I boka er det også mange bilder.

Eit av bilda er frå hagefesten i Dronningparken i 2016 der 1500 var til stades for å feire 25 år som konge. Der var også Geir, invitert som ei av mange eldsjeler rundt om i Norge. Eg har leita mykje på bildet for å sjå om eg kan finne han. Men eg har ikkje lukkast så langt.

Om eg leitar i Siste endringer på Setesdalswiki, er det mykje lettare å finne han. I ei melding til meg lurte han på om det var greitt om ein artikkel var kort, det kunne jo vere ein start som etter kvart kunne få meir tekst om vi fann meir stoff seinare. Sjølvsagt kunne den det, meinte eg, det er jo heile prinsippet med ein wiki, å skrive det ein har som ein start og så fylle på sjølv eller godta at andre fyller på. Lisensen til teksten er jo laga slik, elles ville det ikkje fungert.

Men Geir skriv ikkje bare på Setesdalswiki. I haust aga han ei biletbok frå Evje og Hornnes, Setesdal – slik eg såg han. Boka er lettlesen, men eg har brukt tid på boka alt no, for ein blir ikkje utan vidare ferdig med bileta.

Om det blit nytt tusental før nyttår, det står att å sjå.

Felemakaren

Share

Eg fekk to bøker til jul. Den eine var Felemakaren av Edvard Hoem. Då julegavane var delt ut og vi tok til å sjå nærare på kva vi hadde fått, opna eg boka og tok til å lese.

Lars Olsen Hoem (1782-852) drøymde i ungdommen om å krysse store hav på eiga skute, men ungdomstida hans forsvann i det som ettertida har kalla Englandskrigane, og enda med eit fem år langt opphald på britiske fangeskip, skriv Hoem i ei innleiing han kallar Til lesaren.

Deretter kjem hendingane i romanen i ulike kapittel: Utreisa, Marsjen, Slaget, Kornet, Fangeskipet, Gjensynet, Etterkrigsår, Den første fiolinen, Huset i Smedvika, Klippfiskberga og Enkemannen. Etter det 11. kapitlet følgjer eit Etterord med fleire faktaopplysningar og informasjon om kven som har hjelpt forfattaren i arbeidet med å skrive romanen.

Det tok lang tid frå den musikkinteresserte felespelaren starta si varierte livsreise til han fekk bygd si første fele. I alt bygde han bare 30 feler, men han bygde også mandolinar og gitarar, i tillegg til mangt anna snekkerarbeid som han tok på seg for å få endene til å møtast. Han og kona fekk sju døtrer. Ettersom boka byggjer på Edvard Hoem si slektshistorie, er truleg ei av desse døtrene bindeleddet melomm forfataren og felemakaren, men kven det er, trur eg ikkje han skriv.

Eg starta boka jolekvelden, og ho var så fascinerande at eg sleit med å legge meg, det var langt på natta før eg kom meg i seng. Og så starta eg før frokost att, så innan gudstenesta frå Nidarosdomen 1. juledag starta, var boka utlesen.

Felemakaren: roman | Edvard Hoem

Digitalt

Share

Digital julegudsteneste overført i Valle radio frå klokka 15 i dag. Den kunne godt vore lagt ut på YouTube eller andre slike kanalar, for det var flott å høyre på. Siri Johannessen hadde fått med seg Kjell Steinbru, Knut Olav Uppstad, Svein Kleivane Arna Berg og Knut Gakkestad og laga ein vakker inngang til jolehøgtida frå Bygland kyrkje.

Så kunne Siri ønske alle lyttarar så god jul som kvar ein kunne ha. Eg sluttar meg til det ønsket.

Jólepdagjen 24. desember 2020
15.00 Gudsteneste frå Kyrkjene i Bygland og Åseral kyrkjelyd på eit anna vis
Sokneprest: Kjell Steinbru
Organist: Knut Olav Uppstad
Klokkar: Svein Kleivane
Tekstlesarar: Arna Berg (Åseral) og Knut Gakkestad (Bygland)
Salmane henta frå utgjeven musikk av lokale songarar
Kan høyrast på vanleg radio (FM) og nettradio: https://stream.valleradio.com/valle_hq
(bilete Bygland kyrkje, foto Siri Johannessen)
Bildet kan inneholde: himmel, tre, hus, utendørs og natur

Influert

Share

Mandag var eg og fekk influensavaskine. Eg har aldri hatt problem med slikt før, men denne gongen lurer eg på om vaksinen sin influens var ekstra sterk, for eg gjekk ned for teljing med oppkast og elendighet.

Rett nok kom eg litt i tvil, for eg fekk høyre at det går ei omgangssjuke også, så kanskje den ramma meg på den korte tida eg var utanfor huset for å få vaksinen. Eg skjøner at smittesporing må vere vanskeleg. Eg vil ikkje seie eg hadde nærkontakt med nokon den tida eg var ute, men ein treng kanskje ikkje nærkontakt heller.

etter to dagar ute av form kom eg meg på føtene att i ettermiddag, og det var godt.

Men slik situasjonen var, fekk eg ikkjeø høyre på Valle Radio i kveld. Dei hadde sending frå kommunestyresalen i Valle med dette programmet:

Program onsdag 23.desember
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Jørund Georg Jore
17.00-18.00 Direkte sending av Valle sentrumsforeining sitt jolelotteri
Pga. Covid 19 situasjonen blir årets lotteri trekt og formidla digitalt. Det blir sendt direkte på Valle radio, på FM og nett.
Vi vil streame frå studio direkte på Facebook. Har du eit vinnarlodd send MMS til 95837610, vi vil då ringe deg opp for å bekrefte at du har vinnarloddet. Fylg med på facebooksida til Valle sentrumsforeining og Valle Radio.
18.00 Dagen før dagen på Valle Radio
-Joletankar frå Bibelen med Sissa og Torleif
– Bjørgulv og Ørnulf i studio med gjester.
– Opptak frå lisle jolekvelden 2004 med Hallvard Kjelleberg i samtale med Sverre Lund.
– Opptak frå 2013 med Theis Salvesen, kåseri om korleis det var å kome til Valle, frå kulturveka 2013.
– Sokneprest Kristine Borgen, jolesamtale med Ørnulf Hasla.
– Soknepresten les jole evangeliet.
Her er eit bilete av trekkinga, lagt ut på radioen si facebookside. Foto: Britta Lise Homme
Bildet kan inneholde: 2 personer, bord og innendørs

Oppbyggeleg

Share

Kveldens sending i Valle radio var oppbyggeleg. Eg fekk dessverre bare med meg Ni lesninger og sanger, men her var Bibelen sine tekstar og mange fine julesangar støypt saman til ein heilskap som var både vakker og oppbyggeleg.

Vi fekk høyre profetiar om at ein Frelsar skal bli fødd, og nå er det bare lille julaftan att, så skal vi samlast for høyre juleevangeliet. I år blir det endåtil sending på julekvelden, slik at vi også kan høyre det der, frå klokka 15.

I desse koronatider er det eit godt tilbod radioen legg opp til. Takka vere Siri Johannessen sin innsats får dei det til.

Her i stova tek vi det roleg fram mot jul. Reidun hadde ei visdomstann som måtte stellast i dag, og ho sat mest to timar i tannlegestolen, så ho var temmeleg omtåka då ho kom heim etter denhendinga. Men den var kanskje også oppbyggeleg, for tannlegen skal byggje opp att den jeksla på best mogleg vis, i staden for å trekke henne, som nok var eit alternativ.

Og så kom teikneseriehefta på  plass i år også. Helge meiner at det ikkje vert jul utan Vangsgutane og Stompreud, Knoll og Tott og Blondie. Om det er så oppbyggeleg , veit eg ikkje, men litt humor høyrer også med i livet, ikkje minst i desse mørke dagane. Men no snur sola, og det er jo også oppbyggeleg.