Heilt svett

Share

Av ein eller annan grunn var eg heilt svett etter kveldens sending i Valle radio. Den gjekk fint, teknikar Liv Gunn Viki gjorde ein god jobb med å kople meg saman med dei eg skulle snakke med.

Først ut var rådmann Aud Sunniva Fuhr i Kommunen informerer. Den halvtimen er fast, og kommunen løyvde på budsjettmøtet no i november også tilskot til radioen på 25.000 kroner for neste år. Det er ei av dei mange driftsutgiftene kommunen har, men dei har også eit investeringsbudsjett på mange millionar kroner som skal brukast på mange gode formål for å gjere livet i Valle betre og kanskje til og med kunne trekke fleire folk til kommunen.

I Haralds time snakka eg først med Olav Mosdøl, lyrikaren som var lærar på Kvitsund gymnas i 34 år og som i år hadde budd 60 år i Kviteseid. Han er frå Kultro i Bykle og var ofte heime på hytta på Byklestøylane.. Til våren kjem han med ei ny diktsamling, korona har utsett lanseringa, den var no sett til 7. mars, men vi fekk høyre første sporet av plata som fylgjer med boka. Han og Hege Bålsrød frå Horten har gått saman om den, så den skal lanserast både i Gvarv og i Horten.

Resten av kvelden vil eg skrive meir om i morgon.