Ambisjon

Share

Geir har ein ambisjon om at vi skal klare å nå eit nytt tusental på Setesdalswiki før årsskiftet. Han har rekna ut at vi må klare ti artiklar dagleg om målet skal bli nådd innan nyårsklokkene kimer.

Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut med ti nye artiklar dagleg, men det er heller ikkje så lite. Sjølv har eg vore lite produktiv den siste tida, når ein har ein rygg som ikkje er god, blir heller ikkje skriveevna særleg god. -Når ett lem lider, så lider hele legemet, står det i Bibelen, og det har vel både den eine og den andre av dykk som les bloggen min kunna bekrefta.

Ikkje desto mindre så er det ambisjonen for resten av desember når det gjeld Setesdalswiki. Når det gjeld eigne ambisjonar her eg sit med ein vond rygg, så er det kanskje heller å kome gjennom siste boka i Kingsbridge-serien av Ken Follett.  Den heiter Den evige ilden og er ein murstein, akkurat som dei andre i denne serien. 860 sider denne gongen.