Julegaver

Share

Når vi er komne så langt i desember, det er bare knappe to veker til jul, så er det jo tid å begynne å tenke på julegaver. Helge hadde ein tur til Mandal i dag for å sjå kva det var å finne, og det var sikkert nok å velje mellom. Men når det gjeld julegaver, skal ein vel vere litt forsiktig med å dele for mykje, for det er jo moro med overrasking både hos vaksne og hos ungar.

I år blir vi bare vaksne her i huset. Sjølv ordnar eg nok noko til kona, men resten er det ho som må ta seg av, i så måte er det for meg som for ein som vart intervjua i radioen i dag.

Overraska, ja. FOr nokre år sidan fekk eg ei bok av den snookerspelaren eg likar å fylgje med på, Ronnie O’Sullivan. Men den handla ikkje særleg om snooker, boka heitte Running og handla om at han sprang og sprang for å halde seg i form til kampane sine. Det kan ein jo sjå på han også, han er muk og sprek når han strekkjer seg langt innover bordet for å slå ein ball.

Like før eg starta å skrive dette, slo han ut den kinesiske spelaren Ding, som også etter det eg kan sjå, truleg har begynt å springe, for han er blitt mykje tynnare der han held god fart rundt bordet.

I morgon er det semifinale. Det spørst nok om det blir julegavehandel ein slik dag. Regnar gjer det også.