Bruer

Share

Når Margunn og Stein er på besøk, går samtalen fort om bruer. Dei bur på Sandøya og er avhengige av ferje for å kome heim. Ei bru hadde vore fantastisk, då slapp ein å stille i ferjekø eller tenke på kva tid siste ferja gjekk.

Då vi flytta til Stokmarknes i 1976, var vi avhengige av ferje. Sortlandsbrua hadde kome i 1975, men Hadselbrua kom ikkje før i 1978. Når flyplassen låg på Langøya og vi skulle hente gjester der, var det viktig at flyet ikkje var forsinka, for då nådde vi ikkje ferja og det kunne bli seine natta før vi endeleg kom heim.

Løysinga for Sandøya burde jo vere å byggje bru. Det vert lenger å kjøre for folk som vil til Brevik sentrum, men elles vil nok dei mange fordelane ved å vere uavhengig, oppvege ulempene. Men ei bru kostar meir, og politikarane tenkjer i fire-års-syklusar. Å gå for bru vil også kreve pengar til utbetring av vegar der brua kjem, så då får heller dei 300 innbyggarane der framleis bruke trillebår frå ferjekaia når dei har mykje å bere med seg heim.

Men eg kan skjøne at dei 300 gjerne vil bli landfaste, kven vil ikkje det i våre dagar der så mykje er basert på at ein har bil som kan kjøre fram til huset ein bur i.