Naturstridig

Share

Det er litt naturstridig når amaryllisen blømer rundt juletid. Andre blomar spring også ut i den mørkaste vinternatta, så vi kjøper både julestjerner og julegleder og asalea. Mange er nok drivne fram med kunstig lys, men amaryllisen eg ser på når eg skriv dette, er ikkje det. Han har stått her i stova og sakte, men sikkert forvandla seg frå ein løk til det særsynet han er i dag.

Det hev ei rose sprunge, syng vi ved juletid. For diktaren som kjende sin Bibel når han skreiv det verset, visste at Jesus vart kalla Sarons rose og at den skulle renne av Isai sin stubb, altså ein etterkommer av Isai.

Midt i den kalde vinter, ved mørke midnattstid, syng vi vidare, og sjeldan har vinteren vore mørkare enn i år her sør. Då har det vore godt å sjå på video frå Kyrkja i Giske, der svigerdotter mi er organist. Dei har spela inn små videosnuttar til adventstida, oppfinnsamt laga med julekrybber av mange slag. Du finn det om du søker på Kyrkja i Giske på Facebook, og så kan du spele av dei små filmane.

Her er ei av julekrybbene. Stein Haugland tok bildet.