Oppbyggeleg

Share

Kveldens sending i Valle radio var oppbyggeleg. Eg fekk dessverre bare med meg Ni lesninger og sanger, men her var Bibelen sine tekstar og mange fine julesangar støypt saman til ein heilskap som var både vakker og oppbyggeleg.

Vi fekk høyre profetiar om at ein Frelsar skal bli fødd, og nå er det bare lille julaftan att, så skal vi samlast for høyre juleevangeliet. I år blir det endåtil sending på julekvelden, slik at vi også kan høyre det der, frå klokka 15.

I desse koronatider er det eit godt tilbod radioen legg opp til. Takka vere Siri Johannessen sin innsats får dei det til.

Her i stova tek vi det roleg fram mot jul. Reidun hadde ei visdomstann som måtte stellast i dag, og ho sat mest to timar i tannlegestolen, så ho var temmeleg omtåka då ho kom heim etter denhendinga. Men den var kanskje også oppbyggeleg, for tannlegen skal byggje opp att den jeksla på best mogleg vis, i staden for å trekke henne, som nok var eit alternativ.

Og så kom teikneseriehefta på  plass i år også. Helge meiner at det ikkje vert jul utan Vangsgutane og Stompreud, Knoll og Tott og Blondie. Om det er så oppbyggeleg , veit eg ikkje, men litt humor høyrer også med i livet, ikkje minst i desse mørke dagane. Men no snur sola, og det er jo også oppbyggeleg.