Rapport frå Jæren

Share

Medan eg sat og funderte på kva eg skulle skrive om på bloggen i kveld, ringte søster mi, Solvor, prestekone på Varhaug. Dei har alle barna og barnebarna nesten i gangavstand frå heimen, så der får familiejul ei utvida tyding: Ein dag den familien og barna, neste dag den andre, og tredje dag den tredje.

Og så har dei store familiar, så når folk kjem saman, går det ei bøtte med heimelagawaldorfsalat (utan valnøtter) der vi hos oss klarar oss med eit beger frå Delikat sine hyller.

Så går praten om laust og fast. Mannen hennar er pensjonert, men vikarierer som prest i Gjesdal, i så måte var det vel som då han var i jobb, presten kjem vel som oftast noko seint heim til julemiddagen.

Far min var kyrkjetenar og kom likevel heim seinare, for han skulle ringe jula inn på Ålgård frå klokka 17 til 18. I den tida hadde dei ikkje ringemaskin, og han måtte byte på å ringe og å kime med handmakt. Kiminga betydde at han måtte øvst i tårnet og slå på klokka med kolben. Det kunne vere kaldt, for lukene måtte jo vere opne, så lyden kunne nå ut. Når han endeleg kom heim, minnast eg at han var nokså forfrossen. I tillegg kima det i øyrene hans ganske lenge etter at han var ferdig.

Men så langt eg kunne forstå var rapporten av veret samsvarande med min eigen rapport, det regnar og blæs. Godt å ha hus og heim i ein slik mørk og kald vinter.