Jol i Setesdal 2020

Share

I den aktuelle timen onsdagskvelden tok eg ein telefon til Tarald Rike. Han er leiar av skriftstyret i Jol i Setesdal, og til vanleg er det tradisjonsrike joleheftet i sal på møtet i Bygland mållag 1. sundag i advent.

Slik vart det ikkje i år, kunne Tarald Rike fortelje. Skriftstyret var blitt forsinka med arbeidet, men etter kvart hadde dei fått nok stoff til eit hefte på 72 sider, meiner eg han sa. Prisen har i mange år vore 100 kroner, men i år måtte dei gå opp til 120 kroner i utsal og dei måtte også auke prisen på annonsane. Han meinte annonsørane hadde støtta Jol i Setesdal som i tidlegare år og vona kjøparane ville gjere det også.

Når det gjaldt innhalde i heftet, ville han sende meg ei innhaldsliste då eg snakka med han før sending. Men eg sa at vi heller kunne snakke om det i programmet, så det var ikkje nødvendig.

I dag angrar eg på det, for då kunne eg avslutta bloggen med den innhaldslista. No må eg bare nemne at han hadde mange fine artiklar, mellom anna ein om støylsliv på Valle Austhei og at Arne Aabø også i år hadde skrive ein fin artikkel som han var svært takksam for å få til heftet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *