Sniknedlegging?

Share

I kveld var Anna Rysstad i Valle Radio for å fortelje om initiativet som er teke i Hylestad for å hindre det dei ser på som ei sniknedlegging av Hylestad kyrkje. Til no har 110 personar skrive under på eit opprop mot å stenge kyrkja, og Anna fortalde at dei ikkje hadde nådd rundt til alle, men at det var viktig å få lagt fram saka før soknerådet sitt neste møte.

Her er brevet:

LESARBREV Publisert: 11.01.2021 16:45Sist oppdatert: 16:45

Me skriv dette innlegget som ei direkte oppmoding til prost Gunnar Ellingsen, sokneprest Kristine Borgen, og til Valle og Hylestad sokneråd. Me ynskjer ei klargjering og forklaring med tanke på kva vurderingar som ligg bak bruk og ikkje bruk av kyrkjene i Valle og Hylestad. Vårt utgangspunkt er at begge kyrkjene er like viktige – og at det er like viktig med kyrkjeleg aktivitet både i Valle og Hylestad.

Så har me sett at etter korona-utbrotet har Hylestad kyrkje blitt ”nedgradert” og i stor grad ikkje vore i bruk. Kven har mynde til å avgjere at det skal vere slik? Har hylstringar – som soknar til kyrkja, vore tekne med i råd? Kvifor er smittevern i Valle kyrkje enklare enn i Hylestad kyrkje? Me ynskjer ei forklaring frå prost, prest og sokneråd – og ber om respekt for at kyrkja i Hylestad er like viktig for hylstringar som kyrkja i Valle er for valldøler.

Me har full forståing av at det har vo-re og er nødvendig med smittevern. Likevel meiner me ein må kunne ta opp om det kan vere forsvarleg å også opne opp Hylestad kyrkje i same grad som Valle kyrkje for dåp, bryllup, konfirmasjonar, gravferder og vanlege messer.

Sniknedlegging?

I media har det kome fram at spesielt to personar har måtta tole både kritikk og konsekvensar fordi dei har tala Hylestad kyrkje si sak. Bygdefolket i Hylestad set stor pris på at dei har våga å seie frå – sjølv om det altså har fått konsekvensar for dei begge. Hylstringar har tilhøyrigheit til kyrkja si – det ber me om respekt for! No ser dette bare ut som ei sniknedlegging av Hylestad kyrkje.

Me ber presten, prosten og soknerådet om å sjå til at kyrkja i Valle og Hylestad sokn….

1. har eit kunnskapsbasert smittevern slik at ein kan halde kyrkjene opne mest muleg.

2. aldri tvinger kyrkjelege handlinger vekk frå Hylestad kyrkje (eller Valle kyrkje) med grunnlag i smittevern.

3. har dialog med konfirmantforeldre, slik at konfirmasjonane kan vere i heimkyrkja.

4. set opp annakvar messe i Hylestad og Valle kyrkje slik at ein ikkje endrar på dette midt i ein pandemi.

5. behandlar dei to kyrkjene i soknet sin ressursbruk på ein likeverdig måte slik som før.

6. ikkje straffar dei som varslar om at Hylestad kyrkje (eller Valle kyrkje) blir urettmessig handtert.

7. arrangerer eit kyrkjelydsmøte snarast for at smittevernreglane vert diskuterte.

PS. På grunn av jol, nyttår og smittevern har vi dessverre ikkje klara å nå alle i soknet ennå og ber om forståing for at dette vil ta noko tid.

Takk.

På vegne av mange i kyrkjelyden,

Anna Rysstad,

tlf 90534425