Sending frå Mandal

Share

Det er ikkje heilt enkelt å få til sending i Valle Radio frå Mandal, i alle fall ikkje om ein har ambisjonar om at eg skal sjå teknikaren min. Dette klarte vi ikkje denne gongen heller, så eg og Liv Gunn Viki måtte famle litt i blinde når det gjaldt kva tid ho hadde klar neste gjest på telefonen. Men i det store og heile klarte vi det bra, i alle fall slik eg vurderer det.

Det starta med at Torleif Harstad hadde Tankar frå Bibelen. I kveld las han ei bøn frå ei gamal postill som mormor hans hadde brukt. Diverre fekk eg ikkje med meg namnet på boka.

Så var det Kommunen informerer med Steinar Kyrvestad i studio. Også han fekk spørsmål om året som gjekk, slik dei andre skulle få, og han var spesielt glad over veksten i hyttebygging i kommunen. Hyttefolket genererer inntekter gjennom handel og er med på å få hjula til å svive i kommunen, og i år, der folk ikkje fekk kome frå andre land, var inntekter frå hyttefolk og norske turistar svært velkomne. Og så berømma han Valle Radio for innsatsen vi ytte 17. mai då radioen var sterkt medverkande til arrangementet.

I Bykle var vinterferien og påska elendig, kunne Jon Rolf Næss fortelje. Då tenkte folk at det kom til å bli eit elendig år. Men så kom pinsa og etter det gjekk det glimrande, så godt at nokre bedrifter hadde sitt beste år i år og ingen hadde gått konkurs så langt. I 2020 hadde Konsesjonskraftfondet også hatt utfordringar. Ei stund var kraftprisen nede på null i periodar, men også der hadde det retta seg og enda opp positivt, Det kostar 11 øre å produsere ein kilowatt, så dei må ha inntekt over det for at det skal løne seg, og det har ofte vore oppe i 50 øre. No var det 20 øre og han såg lysare på framtida der også.