Ryddesjau

Share

I dag har vi prøvd å rydde litt i bilder på Setesdalswiki. Gjennom åra har nokre bilder blitt skifta ut med nye, og dei ligg kanskje att ubrukte. Skal ein så slette dei eller skal ein heller bare behalde dei? Eg er knapt einig med meg sjølv, og dermed er eg sikkert heller ikkje einig med andre.

Men nokre er vel blitt sletta, andre sette på venteliste medan eg prøver å bli einig med meg sjølv.

Det hadde sikkert vore meir fornuftig å rydde rundt datamaskinen eg skriv på, der samlar det seg notatar og papir og bøker i små og store haugar. Men når ein ser kontora til journalistar og forfattarar på tv, er dei som regel overfylte av slikt, så eg er i godt selskap. Vonleg har eg litt system i rotet, slik at eg kan finne att det eg treng.

Men det er nok helst bare ei von, for ofte må eg ha hjelp av Reidun til å leite fram noko eg ikkje finn, endåtil om det ligg like framfor augo mine. Eg trur ho har eit eige gen for å halde styr på ting, det er sikkert ikkje godt utvikla hos meg.

Men ein ryddesjau på Setesdalswiki gjer at eg finn eit og anna gullkorn eg knapt visste at eg hadde. Til dømes eit nydeleg bilde som Reidar Tveito tok av Koddøya i Byglandsfjorden: