Eit forsøk

Share

Av  og til har eg lurt på om det er råd å lage ein blogg av overskriftene i Setesdølen. I kveld vil eg gjere eit forsøk med den nest siste avisa som kom i fjor. Den kom jolaftan. Overskriftene ligg på Setesdalswiki, men her på bloggen vil eg prøve på ein litt annan måte.

Oppslaget på framsida handla om at Farsund-rådmannen Ståle Kongsvik skulle bli rådmann i Åseral. Det viste seg at han ikkje tok jobben, så no har Kåre Einar Larsen fått tilbodet. Han har vore assisterande rådmann i Bygland, no blir han kommunalsjef i Åseral, alle rådmenn skal jo få nye og kjønnsnøytrale titlar.

Ein annan tittel på framsida viste til artikkel inne i avisa om Anders Tingvatne Aastveit som har starta med taxikjøring på Hovden,

Kjell Steinbru er trugen som andaktskrivar i Setesdølen. I nummeret på julaftan knyttar han naturleg nok nokre tankar til juleevangeliet. Avisa har også funne plass til det kjende julestevet om Den glade joli. Vi får også vite at det er gjort vedtak om å verne meir skog i Evje og Vegusdal.

Heile side 3 har artiklar der Ole Birger Lien har intervjua Birgit Rike Lund. Ho er 95 år, men har ikkje sett seg i gyngestolen. Tvert om er ho framleis aktiv med kveding og undervisning i denne gamle tradisjonen som ho er så glimrande ein berar av.

I denne avisa deler Gunnar Hillestad, Vilborg Viki og Knut Gakkestad joleminne med lesaran. VI får også vite at Bjelland ungdomslag fekk 710.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen og at Valle kommunestyre på grunn av koronasituasjonen avslutta med bløtkake i år i staden for suppe, som dei pleier å ha.

Per Emanuelsen er ein trufast bidragsytar i Setesdølen. I denne utgåva har han kalla den lille andakten sin for Indianeren og Johan Falkberget. Organisasjonen Av og til minner om at vi må ta omsyn til borna i jola og ikkje la alkoholbruken gå over styr. Kommunelege Åsulv Horverak orienterer om vaksinesituasjonen i  distriktet han har ansvar for.

På midtsidene fortel Sigurd Haugsgjerd om situasjoen til ein familie på Røyknes som har fått hjelp av Andreas Skjærli og sanneleg får vi det som eg vil kalle jolehefteartikkel også i ein tekst frå Ivar Aasens dagbok om då han besøkte Setesdal i begynnelsen av desember 1844.

Historisk stoff og aktuelt stoff står side om side i avisa, som melder om at det er funne fugleinfluensa hos kvitkinngås i Evje og Hornnes. Mot slutten av avisa får vi vite at koronaen ikkje er god for jolehandelen på Evje, men dei som held seg heime kan jo grunne på gamle ord.

Siste sida er det kunstnarbasen til Anne Elisabeth Nitteberg og Gerlinde Streit på Byglandsfjord som er i fokus.

Og med det var dei 12 sidene endå ein gong omtalt, denne gongen som blogg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *