Iskaldt

Share

Mange dagar med kulde og barfrost er ikkje godt for vatnet i røyr. Eg tok ein telefon til Øystein Berg i dag tidleg for å høyre kva han tykte om situasjonen i USA, han er jo svært glad i gospel og musikken frå Nashville.

Men vi hadde knapt fått begynt på samtalen då han vart alarmert av Marit om at vassleiinga hadde sprunge lekk. Eg tenkte om det gjald kyrne dei har på Furestøyl, men nei, det var huset i Berg som hadde merka kulden. Her i sør er det minus 3 akkurat no og det har vel ikkje vore tosifra, men i Hylestad har dei fått merke at det er iskaldt.

Så vi måtte avslutte og han måtte ut og sjå om han kunne fikse før det vart alt for store skader.

Vi har ikkje brunnvatn, då hadde vi nok fått problem, men vi har låvebygning med innlagt vatn og til vanleg tappar vi ut vatnet av røyra om vinteren for å unngå at dei blir sprengde. Det er svigersonen vår som pleier å gjere det, så vi tok ein telefon til han, og han trudde det var gjort, men var ikkje heilt sikker.

Difor tok Reidun seg ein tur for å sjå, og ho kunne stenge vatnet i hovudhuset og opne krana i uthuset slik at vatnet kunne renne ut, noko det også gjorde, så eg trur vi klarte oss utan skade.

Men bilen i garasjen hadde flatt batteri då Reidun ville på butikken i dag. Så då måtte vi låne batterilader hos naboen. Heldigvis har vi to bilar, så i kveldinga tok ho og Helge turen på butikken og fekk handle det som trengst for dagane fram mot helga.

Då skal det bli mildare, og så er spørsmålet om det kjem snø.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *