Lokalt og globalt

Share

Ein av dei fine tinga med tysdagssendingane er at dei ofte er ein miks av det lokale og det globale. Det var det også i kveld, der den aktuell timen hadde to svært lokale saker, først ein samtale med Sigurd Haugsgjerd om Setesdølen i koronatida og deretter med Birger Trydal om faren for å kjøre på elg når ein kjører gjennom Valle og Bykle.

Setesdølen er ei lokalavis som når langt, det er abonnentar heilt ved grensa til Russland så vel som i Lindesnes. Det er eit problem med postverket som ikkje heilt klarte å levere på dagen etter omlegginga til å levere post bare to eller tre dagar i veka, så no kjem avisa med avisbudet om morgonen til dei aller fleste. I desse koronatider skjer det jo mindre, særleg innan kulturlivet, men avisa har klart å halde ein produksjon på minst 12 sider kvar utgåve.

Når det er snø, trekker elgen til vegen, så det har vore ein del påkjørslar av både elg og rådyr. Ein kan jo sjå kor dei krysser vegen, då dreg dei snø ut i vegen, både fordi det er lettare å gå der og fordi dei likar saltet som blir strødd i vegen. Fleire stader er det sett opp varsellys om elgfare, og då bør ein senke farten.

Det globale perspektivet fekk vi frå Opne Dører der Olaug Bjørke fortalde om situasjonen for kristne i Nord-Korea, landet som er øverst på alle statistikkar når det gjeld kristenforfylging.

Til slutt i kveldens sending var Niklos K. Besteland med i studio med eit program med musikk av den nederlandske komponisten og organisten Jan Pieterzoon Sweelinck, der vi fekk høyre fire komposisjonar av han.

Detaljar om musikk og program elles finn du på

Tysdagssending i Valle Radio 20210126

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *