Tirsdagskveld i kulda

Share

Med 20 minusgrader er det fint å kunne høyre på Valle Radio i kulda i Valle. Via Internett kan ein få det over alt i verda, også her i Mandal med 8 minusgrader. Etter sendinga i kveld snakka eg med Siri Johannessen som var ansvarleg for kvelden. Då sto ho utanfor radioen med ein bil som ikkje ville starte og venta på NAF slik at ho kunne kome seg heim att til Bygland.

Av programmet i kveld vil eg spesielt trekke fram samtalen med Svein Kleivane der han fortalde om reisa til Russland. Turen gjekk heilt til Sibir og han hadde mange opplevingar på vegen, så det var mykje å fortelje om. Han hadde fått sjå at bak fasaden var livet kanskje ikkje så enkelt som vi har det her i vest. Kan hende kjem han tilbake og fortel meir i radioen.

Før han snakka Siri med Sigrid Bjørgum. Ho samlar inn klede til Ukraina, og no er Hallvard Hasseløy på tur att for å hente ein ny ladning. Oppsamlinga finn stad i Klippen Bykle der ein kan levere sekker med klede som ein sjølv ikkje har bruk for lenger. Det same kan ein gjere ved å kontakte Astrid Nomeland på Rysstad og levere på Nomeland bedehus. Som folk i Norge vil folk i Ukraina ha heile og gode klede, ikkje filler og fjas. Og så vil ho gjerne ha 50 kroner pr. sekk til å dekke transporten, men dei vil ho ha på vipps, ikkje som ein 50-lapp limt på sekken.

Postludium til kyndelsmesse har Siri skrive om sjølv på Setesdalswiki