Månedens konkurranse

Share

Det var ingen som hadde laga Månedens konkurranse på Wikipedia denne gongen, så eg tenkte at eg fekk ta meg på tak og lage ein slik konkurranse. Eg valde tema Kirker, der bør det vere nok å ta av når ein kan skrive om kyrkjer over heile verda, tenkte eg.

For å teste det ut skreiv eg ein liten artikkel om ei kyrkje i Danmark, Stubbekøbing kirke. Den er frå 1200-talet. Men det var ikkje så lett å få konkurransen til å virke. Nettstaden har ein robot som skal telje poeng i konkurransen, men den har eg ikkje fått til å gå. Eg har spurt om hjelp, men så langt har ingen gode hjelparar kome til syne, så eg får bare smørje meg med tålmod, så ordnar det seg nok.

Eg har ikkje vore så aktiv på Wikipedia i det siste, tenkte vel helst å gje meg der. Men så kom det spørsmål om eg kunne hjelpe litt, og då fekk eg litt inspirasjon att, så får vi sjå kor langt den rekk.

Å skrive om danske tilhøve på bokmålswikipedia er i grunnen ganske lett, for språket er jo svært likt. Men eg skriv i min eigen stil og kopierer ikkje den danske. På dansk skreiv dei: Stubbekøbing Kirke har en dejlig akustik, meget egnet til korsang og koncerter, og et skønt orgel. Min norske versjon vart slik: Kirken har en fin akustikk og er svært godt egnet til korsang og konserter.

Her er eit bilde av kyrkja:

Stubbekøbing Kirke.jpg