Dagsturhytter

Share

I kveld var det tid for å gjennomføre det eg hadde planlagt som tema for onsdagssendinga i Valle Radio: Ein samtale om dagsturhytter. Først hadde eg med meg Bård Andreas Lassen som arbeider med frilutssaker i Agder fylkeskommune og han fortalde at inspirasjonen kom frå Vestland fylke, der dei har over 50 slike hytter med svært godt besøk. Målet for Agder er å få ei i kvar kommune innan to-tre år. Det tek jo litt tid å få kommunane til å prioritere ei slik sak inn på dei kommunale budsjetta.

Bjørn Ropstad var leiar av Midt-Agder Frilutsråd og opna Vaffelbua i Jegersberg i Kristiansand. Den vart svært populær og med så stort besøk var det grunnlag for å ha folk til å selje vaflar og drifte dagsturhytta. Det kunne ein nok ikkje rekne med andre stader i kommunane, så her var det nok meir snakk om å få drifta inn på kommunale budsjet som eit folkehelsetiltak. Det var gode finansieringsordningar med tilskot frå Sparebankstiftelsen, fylket og staten, slik at det ville bli små etableringskostnader for kommunen, men drifta måtte jo nokon ta seg av. Bjørn meinte at turstien langs Otra kanskje kunne få ei slik dagsturhytte, men det var kommunestyret som måtte avgjere det.

Steinar Kyrvestad var med då dei opna i Jegersberg, eit område han leika i som gut, han vaks opp på Lundssida, fortalde han og meinte at det ville vere fint om ein fekk ei slik dagsturhytte i Valle. Eit kriterium er at det skal vere utsikt, så kanskje er det ikkje så lett å finne ein høveleg plass i Valle, men kanskje på Rysstadåsen eller ein annan plass i Hylestad, lurte han på.

Til slutt hadde eg med meg Knut H. Rysstad, som godt kunne tenke seg å lage slike hytter. Han hadde lang erfaring i å produsere gapahukar, gjerne med eit rom bakerst, nyleg hadde han levert ein slik heilt til Alta. Så om han fekk førspurnad eller det vart anbod, ville han gjerne vere med.

Og med det enda samtalen før Jorunn og Kåre overtok med rebusar, spørsmål, gåter og musikk.