Søndagsskole

Share

I dag kom eg over nokre gamle papir etter far. Mellom anna var det eit brev som  byggefirmaet Selmer sende til han og Rogaland søndagsskolekrets i 1979. Der fekk dei lov til å rive ei brakke ved Håhellervatn. Rivinga kune starte 15 juni og måtte vere ferdig innan 1. september same året. Tomta skulle ryddast heilt og det som dei ikkje tok med, måtte brennast opp. Dei fekk også med ein del inventar frå bygningen.

Kor vart så dette av, lurer du kanskje på.

Jo dette kjørte dei til Omlid, der sundagsskulen hadde fått tomt til leirstad, Alt skjedde på dugnad, sundagsskulefolk frå heile Rogaland stilte opp, Der var det både byggmeistrar og ande gode bygningsfolk, praktiske folk som nytta sundagane til å bringe evaneliet til ungar på sundagsskulen.

Her fekk dei ei oppgåve som skulle føre til mange dugnadstimar, først med å ta ned bygget og frakte det til plassen der det skulle kome til nytte, og så etter kvart bygge hytter og eit større lokale til å samlast i når dei var på leir. I mange år var mor og far på leirar på Omlid, mor på kjøkken og far som leiar og sundagsskulelærar.

Eg trur nok at far gjerne ville vore lærar, men tilhøva låg ikkje til rette for ei slik utdanning den gongen. I staden vart han sundagsskulelærar. Bildet fann eg på Søndagsskoletunet si Facebookside.

Søndagsskoletunet Omlid har oppdatert nettstedsadressen sin.