Kom no inn

Share

-Kom no inn, så me fær preke.

Slik var overskrifta i Setesdølen tysdag, på framsida, endåtil. Heimehjelpa med Setesdølen sin redaktør og journalist på slep var hjarteleg velkomne inn i stova, etter det eg kunne forstå.

Det er ikkje så ofte at ein går på besøk i denne koronatida. Vi held oss for oss sjølve, sjøl om det er råd å ha besøk med ganske god avstand når ein benkar seg rundt eit bord og droppar å syngje bordvers, å synge er eit problem, for då kan virus spre seg.

Men i dag var det tid for foreningsmøte i kvinneforeninga som Reidun er med i att. Dei har ikkje vore saman sidan tidleg i desember, men dei har eit stort rom på Mandal bedehus å vere i, så dei kunne sitje langt frå kvarandre.

-Det var mest vondt å preke, sa ho då ho kom heim att, for vi sat så langt frå kvarandre og måtte snakke langt høgare enn vanleg.

Ein kan halde kontakt via telefonen, men av og til er det godt å kunne møtast utan at det er ein skjerm mellom eller bare ei telefonlinje.

Og framleis er det høve til å halde avstand og sleppe maske. Kaffebesøk med maske er liksom ikkje heilt det same.