I morgon, i morgon

Share

eg får begynne ein stad og sjå korleis det går, skreiv eg i går. Men når det er så mykje sport på tv ein laurdag, går det smått med skrivinga, for gull må jo feirast og etter feiringa høver det med ein middagslur, så skrivinga får eg visst vente med til i morgon.

Eg kunne nok unne meg ein artikkel eller to etter midnatt, men det er sjeldan eg skriv noko då, så det blir nok i morgon, sjølv om dei trugar med å ha sport på tv heile dagen også i morgon.

Men eg oppdaga noko i dag som eg ikkje var klar over. Det verkar som om Cleng Peerson vart gravlagd på ein kyrkjegard i Bosque County i USA, det er visst ein stad mange setesdølar kjenner til. Eg lurer på om den turen Valle Radio arrangerte til USA for mange år sidan, også var innom der. I området er det visst både Valle og Bygland Church, så dei burde nok fått artiklar på Wikipedia, det er jo heritage, kulturarv, som dei kallar det.

Kan hende får eg litt inspirasjon til å skrive i kyrkjekonkurransen på Wikipedia før den blir avslutta i morgon. På Setesdalswiki har Siri vore aktiv i dag med å fikse ting, noko eg er svært takksam for.