Bøker

Share

Eg har lenge lurt på korleis eg skal få til å skrive om bøker på Setesdalswiki. Eg har arva ganske mange bøker, og i samband med det tenkte eg at eg skulle skrive om dei på Setesdalswiki, men eg har opplev det vanskeleg. Vi har mange artiklar om lokal litteratur og bøker av forfattarar frå Setesdal, men her var det mange bøker frå mange ulike forlag og med mange ulike tema.

I tillegg til det eg har arva, har eg jo gått på jakt i bruktbutikkar sjølv og funne litt av kvart som eg kunne tenke meg å lese. Dermed har dei blitt med heim, sjølv om eg ikkje alltid har lese dei etterpå.

I kveld trur eg at eg fann ei løysing, så det vart ein ny artikkel, og då kom det opp ei melding på framsida: Det er nå 93 100 artikler på Setesdalswiki.

Men når eg tek til å sjå meg omkring, er det mykje stoff om bøker. Kvar fredag har Vårt Land omtale av mange bøker, så eg kan jo bruke også det for å lage artiklar i tillegg til dei bøkene som dukkar opp i eigne plastposar rundt om, for ikkje å snakke om alt som står i bokhyllene. Eg får begynne ein stad og så får vi sjå korleis det går.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *