E-sport

Share

Eg held meg i konkurransemodus på bloggen, for i dag hadde eg ein prat med Tom Andreas Kristensen.  Fredag hadde han eit innlegg i Fædrelandsvennen om emnet, og han er godt kjent med det, for han er rådgjevar UKM Norge og prosjektleiar for UKM Agder, som også har e.sport på programmet.

Vi hadde ein hyggeleg prat og han ville gjerne vere med i Valle radio onsdag 10. mars for å fortelje kva e-sport er og kor stort engasjementet er for dette i Agder. Fædrelandsvennen skreiv at 96% av gutar og 63% av jenter gamer, og i artikkelen spør Tom Andreas eter breidesatsinga på denne sporten. Han meiner at slik det er no, satsar ein bare på toppane, dei som er flinke og kan hevde seg i meisterskap og meiner at også breidden må få sin tilmålte del av pengar og satsing på anna vis.

Ei undersøking han viser til, syner at 6770 gutar og 5212 jenter gamer dagleg, og så spør han retorisk; temk om like mange dreiv med idrett eller musikk? Det er ikkje rett at folk sit aline på romet, dei møtest over nettet og i mange år har det vore arrangert LAN.treff, den i Vikingskipet er jo på TV mest kvart år.

Skal ein følgje med på og legge til rette for ungdom sin fritidsaktivitet, må ein ikkje gløyme gaming.

I morgon får eg heile artikkelen frå han og kjem til å legge den ut på Setesdalswiki. Og så blir det spennande å høyre om dette 10. mars.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *