God i Norge

Share

-Er du god på ski i Norge er du også god internasjonalt. Det var den ferske sølvmedaljevinnaren Aron Åkre Rysstad som sa dette då han snakka med Ørnulf Hasla i Valle Radio si onsdagssending i kveld.  Skal ein vinne, må ein vere svolten på å vinne, og Aron skriv ein plan for korleis han skal gjennomføre løpet om kvelden før han legg seg. Det tek ti minutt, og så sovnar han fort og ligg ikkje og tenkjer på løpet gjennom natta.

Ein annan gjest i kveld var den nye leiaren av Setesdal Husflid. Han har sauma seg sin eigen bunad og kan rettleie folk som spør om råd når det gjeld løyesaum. Han fyller år på søndag og startar i ny jobb 1. april. Han har hytte i Valle, men må nok finne seg noko anna, for hytta er god sommars tid, men ikkje som permanent bustad. Bestefar hans kom frå Valle, han var lege, og er gravlagd i Valle. Sjølv gjekk han på vidaregåande skule i Frankrike, amerikansk endåtil, så han kan greitt snakke med franskmenn som måtte forville seg til Valle om dei får lov å reise ut av eige land på ferie.

Kveldens siste gjest i den aktuelle timen var Liv Bakke Kvinlog. Ho startar som leiar av Setesdalsfestivalen i år, men har ein lett jobb når det gjeld å skaffe folk første året, for i fjor vart festivalen utsett på grunn av korona, så artistane som skulle vore med då, Valkyrien Allstars, dei kjem til sommaren, festivalen er i månadsskiftet juli/august. Ho håpar at koronaproblema har løyst seg innan då, og det håpet deler nok både utøvarar og publikum.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *