Konkurransar

Share

Etter denne veka reiser skiskyttarane frå Norge heim med mange medaljar frå konkurransane i Pokljuka, Slovenia. På Wikipedia har dei ein konkurranse kvar månad, og denne månaden er det kyrkjer som er tema. Her treng ein ikkje reise for å vere med, kvar og ein kan sitje ved datamaskinen sin heime og delta.

Eg sette opp denne konkurransen og tenkte at Kirker, som det heiter på bokmåls-Wikipedia, kunne vere eit enktel tema. Men det er ikkje blitt så mange nye artiklar, til no er det bare kome 7 nye artiklar. Men det er gjort små redigeringar på mange artiklar, og det må også reknast med når ein vinnar skal kårast. I konkurransen får deltakarane poeng etter kor mykje dei tilfører av tekst, så den som skriv mykje, kan få mange poeng.

Å delta i ein slik konkurranse kan verke motiverande. Nokon ser det som blir gjort og det blir lagt til poeng. Wikipedia er globalt, så det er nok mange tusen kyrkjer som endå ikkje har fått artiklar, for kyrkjer finn ein mange stader, ofte fleire kyrkjer i same by. Når ein er turist, er det ofte kyrkjer som vert besøkte. I mange land står dei opne og folk kan gå inn, sjå på kunsten eller ha ei stille stund, eller kanskje begge deler.

I Setesdal hadde vi vegkyrkje i nokre år i Hylestad kyrkje. Mange utlendingar stoppa og var takknemlege for å kunne få sjå inn i ei vanleg landsens kyrkje. Vi serverte kaffe og vaflar og ofte kunne vi få ein hyggeleg prat før turistane drog vidare. Om det førte til fleire artiklar om Hylestad kyrkje rundt om i verda, er nok tvilsamt.

Etter det eg skjøner er Hylestad kyrkje no heilt stengd, det er ikkje gudstenester der, bare gravferder. Då kan 50 vere med. Gudstenester med 10 deltakarar kunne det nok greitt vore plass til i kyrkja, ja sikkert også med 50 om det var oppmerka plassar. Men pandemien har sett ein stopp. Den nyttar det visst ikkje å konkurrere mot.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *