Menighetshuset

Share

I kveld hadde Siri vald å ha fokus på Menighetshuset i Valle. Det skal snart rivast, noko som vekker såre kjensler hos mange. Torleif Harstad var i studio og fortalde om dei mange aktivitetane som har vore i huset gjennom åra frå det stod ferdig i 1966, trur eg han sa. Sjølv var han ikkje i bygda då, han gjekk på Birkeland folkehøgskole den gongen, endåtil eitt år saman med Reidun.

Huset har vore nytta til mangt og mykje, sjølvsagt til møter, enkle møter og møteveker, basarar og bønemøter, men også fungert som grendehus med møter for hestelag, bankmøter og det meste mellom. Trong folk ein samlingsstad, så var Menighetshuset lett å ty til, det var sentralt og hadde kjøkken slik at folk kunne få seg ein kopp kaffe.

Sjølv var eg spurd om å seie noko om Internatmøta, og der kunne eg sagt mykje, for eg har lese Sverre Lund si bok om Valle Indremisjon 100 år ganske grundig og laga liste over alle talarane som talte på Internatmøta i dei over 40 år som desse var i sving. Men Torleif kunne nok fortald mykje meir enn eg, så tida vart knapp, for Siri ville gjerne også ha med litt frå Opne Dører til slutt i timen sin.

Det var eit fint program og godt å få minnast alle velsigningane Menighetshuset har vore kanal for gjennom åra. Mange ville nok helst hatt eit eige hus framleis, men no er det blitt Kyrkjestoge i Sæbyggjen som skal dekke det som Menighetshuset tidlegare hadde plass til.  Og sundag var det avvigsling og slik markering av at ein periode er over.

Under er eit bilde av eit korps som spelar på eit Internatmøte

Fil:Korps på internatmøte.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *