Reiser

Share

I desse koronatider skal ein vere forsiktig med reiser, heiter det., Nødvendige reiser er ok, men elles bør ein halde seg heime. Så sprøs det kva som er nødvendige reiser. Klart at ein må på butikken for å handle mat eller på apoteket for å få medisiner. Ein tur til legen eller slikt må jo også kallast nødvendig.

Men elles får vi halde oss heime, ikkje fare i bryllup, der kan det jo vere få saman, gravferder toler visst nokre fleire, men møte og festar bør haldast utandørs om dei skal vere forsvarlege. Søster mi fortalde at dei hadde hatt utegudsteneste sundag med mange frammøtte ved sjøen i Lyngdal sist sundag. Komande sundag skal det vere utegudsteneste ved kapellet i Mandal. Det blir sikkert kaldt for dei som kjem, men den skulle visst bare vere kort, kanskje ein knapp halvtime eller noko slikt.

Eg kjem ikkje til å reise på den. Å reise i desse tider er risikosport, å gå inn på ein buss og sitje saman med framande i ein time krev minst munnbind, helst vaksinekort, slik dei skal få i Sverige for å dokumentere at dei er vaksinerte. Heldigvis er vi pensjonistar fritekne frå å reise på jobb, så vi  treng ikkje ut i morgonrushet.

Vi bør visst også redusere straumbruken om morgonen, heller stå opp seint og fyre med ved. Her i huset har vi hatt varmepumpe i mange år, så om straumen kostar 2,50 pr kwh, ein morgontime, så kuttar vi nok toppen på den måten, og så fyrer vi i omnen slik at varmepumpa ikkje treng dure og gå på høgaste nivå.

Det er godt å halde seg heime og ikkje reise i sprengkulda. Då slepp ein å risikere timevis i kø i Vatnebakken også. Det er ein bonus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *