Wikipedia-skriving

Share

Eg har tidlegare fortalt at eg denne månaden er leiar av ein konkrranse om å skrive artiklar om kyrkjer på Wikipedia. Difor tenkte eg at eg skulle skrive litt om det der, og då fann vi ei bok av Alf Henry Rasmussen, Norges kirker, eit norsk kirkeleksikon.

Men før eg kom så langt, las eg i Vårt Land og tenkte at eg kanskje kunne skrive litt om dei som er omtalt fordi dei fyller år i dag. Det synte seg å vere tre som det ikkje var artiklar om og ein som eg kunne utvide litt:

Når eg skriv på Wikipedia, blir det ikkje så mykje på Setesdalswiki, så eg må nok tilbake til den lokale wikien snarast. Men av og til er det godt å gå litt tilbake til der alt starta. Eg vil nok likevel skrive litt om kyrkjer på Wikipedia også resten av februar. Det er nok å ta av, både ved å slå opp i kyrkjeleksikonet og ved å leite litt på Internett. Mange av artiklane er nokså summariske og korte og treng utviding og omformulering. Til dømes står det i artikkelen om Skallelv kapell den faste frasa at den er et velkjent turistmål. Det tvilar eg nok på, dette gamle skulehuset som vart omgjort til kapell i 1961 er neppe noko velkjent turistmål sjølv om lestadianarane nyttar det til møter og det då kan vere mange som kjem saman. Men dei er jo ikkje turistar.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *