Koronapåske

Share

Valle Radio har også koronapåske. Det betyr at dei vanlege påskesendingan, påskebasaren, måtte gå ut, men Siri Johannessen laga i kveld ei lita erstatning. Dermed kunne folk på hytter og i hus få aktuell informasjon og høve til å sende helsingar, og det var mange som høyrde på, i alle fall om vi skal døme etter helsingane.

I løpet av sendinga hadde ho ein prat med kommunelege Benedicte Severinsen etter at Torleif Harstad hadde hatt kveldens andakt. Dei snakka om korona, naturleg nok, og var glade for at det var lite smitte å snakke om lokalt. Benedicte fortalde også om eit prosjekt ho støttar i Den dominikanske republikk, og Siri konstaterte at frå Setesdal støtta ein både Cuba, Ukraina og Romania.

Deretter tok ho opp tråden frå tradisjonelle påskesendingar med helsingar og musikk, og då gjekk det helsingar på kryss og tvers etter at ho hadde snakka med Sigurd Langeid frå politiet (vi er på vegen i heile påska), Ole Birger Lien (dårleg føre gjorde at han måtte utsette fjellturen til grytidleg torsdag), Unn Hovden, Børge Bakkstrøm (Røde Kors), sendt helsing frå redaktør Ørnulf Hasla, Preben Trondal Nilsen (Reiårsvatn hyttefelt) og Jan Helge Skaar (bypåske i år).

Slik vart det ein triveleg kveld  som innleiing på koronapåsken 2021.

 

Martin Birkedal

Share

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen ein samtale med Martin Birkedal. Han er vel kjent for mange lyttarar som ein medarbeidar i Norea Radio, men no er han blitt pensjonist. Etter fylte 70 år må ein slutte i Misjonssambandet og då også i Norea, som den organisasjonen eig.

Etter fylte 70 kan ein vere med frivillig, og difor kan det nok vere at vi får høyre Martin BIrkedal også framover når høveet legg seg til rette. På spørsmål om kva han likte best, var det nok samarbeidet med organisasjonar som driv radiomisjon, som SAT 7 og dessutan møtet med misjonærar ute i teneste. Han hadde hatt fleire reiser til Aust-Afrika som hadde gjort stort inntrykk.

Som programsekretær i 30 år hadde han mange gode minner frå tenesta og vona at han som overtok også ville få det.

I programmet snakka dei om mange ulike prosjekt, mellom anna Arven etter Adam, som Norea har vore med og finansiert. Det er ein programserie som fortel bibelhistoria slik vi kjenner den frå Adam til Krisus, Håpets kvinner var ein annan serie som var nemnt.

Du vinn meir om Norea på https://norea.no/

Takk for stoff

Share

I kveld vil eg takke Johnny Haugen for verdifullt stoff. Han la ut ei liste over artiklar han har skrive i ulike blad, bøker og tidsskrift. Det vart ei lang liste. Du finn henne her:

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Johnny_Haugen

Eg delte henne inn i årstal, så ho blir lettare å lese. Etter kvart vil det også kome lenker til artiklar på Setesdalswiki om nokre av dei tema som er omtalte i denne lista.

Hjarteleg takk til Johnny Haugen.

Setesdal og setesdølar 2021

Share

No er årsskriftet for 2021 i handelen, og i kveld presenterte Torgeir Moseid det for lyttarane i Valle radio. Framleis kostar det bare 100 kroner.

Her er det han skreiv på Facebook i samband med utgjevinga:

Sjuande årgang av årsskriftet til Setesdal Sogelag kjem heilt i byrjinga av veka før palmelaurdag – ca. 23. mars. Vi vil då straks køyre ut og sende hefte til medlemer og til utsal i regionen.
Sjå ei rikhaldig innhaldsliste nedanfor (klikk på biletet).
Den vesle guten som prydar framsida er Bjarne Stubseid som har ein ny-oppdaga artikkel om geologi i heftet – og på baksida ser vi same guten saman med mor si Gunhild.
Postkorta er laga av Jon Løyland som og har fenge ein innhaldsrik artikkel i heftet + mange fleire – i alt over 100 sider med tekst. Takk til alle annonsørar som gjer ei slik utgjeving mogeleg kvart år.
Til neste år finn vi kanhende ein artikkel frå di hånd ? Tak kontakt…
Kan være et bilde av barn, står og tekst

Valle radio program

Share

Programmet for Valle Radio kjem i Setesdølen i morgon og syner at det er kommunestyremøte onsdagskvelden. Siri har ansvar tysdagskvelden og har som vanleg eit interessant program som er verd å låne øyre til, Torgeir Moseid vil fortelje om det nye heftet av Setesdal og setesdølar, melom anna godt stoff. Og til slutt kjem Niklos K. Besteland med sitt siste program før påske.

Tirsdag 23. mars

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinfo og tanker om tålmodighet fra Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel ved Rune Tobiassen (Norea)

18.30 Musikk med mange menn

19.30 Timen med Torgeir Moseid fra Setesdal sogelag, Ørnulf Hasla fra Valle Radio, og sogneprest Kjell Steinbru om årets fasteaksjon
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 24. mars
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune
Teknikar: Jørund Georg Jore

 

Ingulf Diesen

Share

Opp av en av mine mange posar med bøker kom Av bare nåde, sjølvbiografient til Ingulf Diesen.  Den kom ut i 1996 på Ansgar forlag, som er ei underavdeling av Hermon forlag.  Han var fødd i 1928 og døydde i 2015. Aftenposten hadde ein nekrolog, den siterer eg her på bloggen i kveld:

Etter et kort sykeleie døde Tor Ingulf Diesen 3. mars, 86 år gammel. Ingulf var født i 1928 i Ullensaker, og Notodden ble hans siste hjemsted.

Han startet 18 år som predikant i Det Norske Misjonsforbund, og 19 år gammel ble han forstander i Kongsberg Misjonsmenighet. Senere var han pastor i flere misjonsmenigheter i Norge og USA.

Ingulf studerte til Master og Divinity ved Trinity Evangelical Divinity School i Chicago, der han i 1970 ble utnevnt til æresdoktor. Sin cand.theol. har han fra Universitetet i Oslo og var forskningsstipendiat ved Norges Allmennvitenskapelige Forskningsråd.

I 11 år var Ingulf rektor ved Ansgarskolen, der han ledet utviklingen til det som i dag er Ansgar Teologiske Høgskole og Ansgar Bibelskole i Kristiansand. I perioden 1971 til 1981 var Ingulf misjonsforstander (tilsv. generalsekretær) i Misjonsforbundet. Deretter var han landssekretær i 14 år, og han var en usedvanlig aktiv og kjær bibellærer langt utover Misjonsforbundet.

Fra 1957 var han medarbeider i Billy Graham-organisasjonen. Ingulf ledet den norske gruppen som startet den norske Lausannebevegelsen i 1974. Fra 1992 til år 2000 var Ingulf leder for Den Evangeliske Allianse. I 1997 var han en av oversetterne bak Bibelforlagets Bibelen, Guds ord , og han har skrevet flere bøker. Ingulf engasjerte seg sterkt for å løslate kirkeledere og yte bistand til Øst-Europa, og under World Evangelical Alliance verdenskongress i Kuala Lumpur i 2001 mottok han økumenikkprisen for 30 års engasjement. Kongens fortjenstmedalje i gull mottok han 80 år gammel for sin innsats i norsk kristenliv.

Ingulf har satt minnerike spor etter seg og vært en meget betydningsfull kirkeleder. Våre tanker går til konen Astrid og øvrige familie.

Øyvind Haraldseid, generalsekretær, Misjonsforbundet

Boka er eit sjeldan sterkt vitnestpyrd om bønn. Frå unge år brukte Ingulf Diesen mykje tid i bønn. Men den er også humoristisk, det er mange små morosame historier i boka, som i 18 kapittel med små underkapittel fortel om eit rikt liv i evangeliets teneste.

Av bare nåde - 
      Ingulf Diesen

Administratormøte

Share

På Setesdalswiki er det ikkje mange som skriv, så der treng ein ikkje særleg mange administratorar for å halde aktiviteten seriøs og fin. Alle må også registrere seg med namn, så det hindrar naturleg nok vandalisme i seg sjølv.

Men på Wikipedia kan alle skrive utan å registrere seg. Då er det bare IP-adressa som syner kven som skriv, om mange tenkjer at då er ein så anonym at ein kan gjere ting ein ikkje ville gjort om ein var registrert. Difor har Wikipedia mange administratorar som ryddar og slettar ting som ikkje høyrer heime i eit nettleksikon.

Det var 10-12 av oss som hadde møte i dag. Det gjekk føre seg digitalt på ei plattform som heiter Meet, og det var første gong ein gamal lærar som meg var med på noko slikt. Eg var nok eldste mann i laget også, dei fleste hadde nok ein alder rundt halvparten av min, og mange hadde datarelatert arbeid som levebrødet sitt også.

Etter litt felles informasjon frå han som kalla inn til møtet, vart det lista opp tema vi kunne snakke om, og så var det bare å bli med i samtalen. Det var sett opp tid frå klokka 13 til 17, men om lag 16.30 var visst dei fleste samde om at nok fekk vere nok. Då hadde vi vore innom mange tema som var viktige for å gjere nettleksikonet betre. Wikipedia er avhengig av kjelder, det er eit leksikon som heilt og fullt skal vere bygd på uavhengige kjelder. Setesdalswiki er ikkje så strenge på krava, nettopp fordi vi er få som skriv der. I starten var ikkje Wikiepdia heller så nøye med det, så det er over 40.000 artiklar som er uten kjelder.

Det vil nok ta nokre år før alle har fått sine kjelder, trur eg.

Lang pause

Share

Etter å ha hatt ein lang pause, må eg visst kome i gang att med å skrive blogg. Eg vart litt slått ut av snørr og tungt hovud, men, som han syng: det går likar’ no.

Når ein er slik utan ork til anna enn å pusse nasen og helst vil halde senga, er det ikkje så mykje å skrive blogg om. I grunnen er det ikkje så mange hendingar i desse koronatidene heller,  så eg blir fort sitjande og sjå på sport på tv, det er jo nok av slikt på nrk1, så då slepp ein å bruke kanalveljaren også. Ho minner oss jo stadig om det, programleiaren i Sørlandssendinga, det er ingen grunn til å skifte kanal, seier ho.

I denne pausetida har det vore fleire sendingar frå Valle Radio. Onsdagskvelden hadde Ørnulf ein interessant prat med Margit Dale og etter det eg skjøna er det mangt og mykje på gang på Systog Dale. At Margit og Frode begge har sagt opp jobbane sine og klarer å leve av gardsdrifta saman med foredrag og bokutgjevingar, det er imponerande. Men Margit hadde 26.000 følgjarar på Internett eller var det Instagram, det gjev eit godt grunnlag for å kunne marknadsføre det ein held på med.

Endåtil koronapandemien klarte ikkje å stoppe arbeidet deira, det tok bare nye former.

Så får eg prøve å halde bloggen i gang att framover.

Onsdagsprogram

Share

Så er det klart for onsdagsprogram att. Denne gongen har eg tenkt litt på tema og sende difor dette programmet til Setesdølen:

Onsdag 10. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingeborg Åkre Løyland

Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Ann Christin Jacob
20.00 E-sport ved Tom Andreas Kristensen
20.30 Folkemusikkaktuelt ved Gunnar Stubseid
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
I ettertid synte det seg at eg også fekk med Tor Ånund Rysstad til å snakke om e-sport, så han vil bli med om lag klokka 20.20.
Det blir spennande å høyre om e.sport, som er eit tema dei fleste godt vaksne, altså folk som hyrer på Valle Radio, ikkje veit så mykje om. Det er ein aktivitet for ungdom og unge vaksne, mest gutar og skjer på ein datamaskin.
For ein del år sidan hadde eg mange program om folkemusikk i radioen. Difor vart eg veldig glad då Gunnar Stubseid kunne bli med den siste delen av den aktuelle timen og fortelje litt frå den sida av kulturlivet. Valle Radio burde vel helst ha noko om folkemusikk nokså ofte no når vi i nokre år framover står på UNESC si liste over immateriell verdsarv. Eg er glad for at eg i alle fall denne gongen får med noko om dette.

Tysdagsprogram

Share

Det var litt usikkert om det vart tysdagsprogram denne veka. Men no har Siri Johannessen omrisset klart, eg fekk ei melding i kveld som eg deler med dykk:

Programinformasjon og noen vitaminer  rundt «til stede» fra Svein Anton Hansen i Norea Mediemisjon

Over en åpen bibel fra Norea Mediemisjon ved Egil Sjaastad med utgangspunkt i Asafs salmer.

Olavs sangtime – Olav Lindstølen

Gjenhør med en prat med Knut K. Homme fra 19. desember 2017, han fortalde om mangt og mykje, frå barndom til sogekafe, dialekt og kor viktig det er å ta vare på stadnamn – og mykje meir.

Postludium til midtfaste med mye vokalmusikk, blant annet av Heinrich Isaac, Wolfram Buchenberg og Kristiansand domkirkes motettkor med en bearbeidelse foretatt av Bjarne Sløgedal

Alle som likar å høyre på tysdagssendingane har igjen noko å glede seg til.