Avlysing

Share

I kveld skulle det vore reiselivskveld i Valle Radio. Men den vart avlyst, Siri, som var ansvarleg, vart liggjande med feber og måtte melde avbod. Den som gjorde som meg og prøvde å logge på via nettradio, fekk p4 klart og sterkt inn, akkurat som dei som til vanleg får p4 inn når radioen ikkje har sending.

Jørund fortalde meg at han hadde gjort ei endring i går og at strøyming av p4 på den måten var ein test. I morgon er det planen at Sondre skal ha ansvaret og Siri vere teknikar. Om han blir både ansvarleg og teknikar sjølv, kan godt bli resultatet, for i denne tida bør den som har influensa vere ekstra forsiktig, etter mi meining.

Så då er det ikkje så mykje anna å gjere enn å vente og sjå om det blir sending eller ikkje i morgon. Sjølv høyrer eg ikkje på p4, så eg får vel heller prøve å skrive ein artikkel eller to på Setesdalswiki.

Onsdag 3. mars 

vart ikkje avlyst. Der var Sondre Rua Dokken i godt slag med Ørnulf Hasla som teknikar. Han snakka først med Malla frå kommunen, Gunn Marith Homme for å gi fullt namn. Ho hadde ei lang liste med saker ho ville nemne, mellom anna at det hasta med å levere inn søknader, for mange søknadsfristar var 15. mars, mellom anna for kulturmidlar. Der kunne ein finne meir informasjon på kommunen si heimeside.

I Sondres time hadde han med seg biblioteksjef Aud Kirsti Torbjørnsen og ho hadde mange bøker ho ville informere om. Nå til påske går det mykje krim, men mange krimbøker var utlånt alt til vinterferien. Krim er nok den mest populære sjangeren på biblioteket i Valle. Deretter fekk vi eit glimt frå Gro Oddny Helle sitt bakeri, der Ørnulf hadde vore på besøk med opptakaren. Ho bakar helst kaker og som bakar må ho opp grytidleg. Mange svingar bare innom for å handle hos henne når dei er på farten til Brokke eller Hovden, så torsdag er ein god handledag, etter det eg fekk med meg.

Så var det Open sending, men den vart avslutta alt klokka 22, og då kunne trekkinga gå mellom tre som var inne i studio. Jan Helge Skaar vann gåvekort på 250 kroner hos Coop. Ørnulf var saman med Kristin Laasbye Sagneskar i studio, og ho hadde ansvar for musikken, som var svært melodiøs og fin country.