Onsdagsprogram

Share

Så er det klart for onsdagsprogram att. Denne gongen har eg tenkt litt på tema og sende difor dette programmet til Setesdølen:

Onsdag 10. mars

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakt frå klokka 20.30: Ingeborg Åkre Løyland

Program
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer ved Ann Christin Jacob
20.00 E-sport ved Tom Andreas Kristensen
20.30 Folkemusikkaktuelt ved Gunnar Stubseid
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike
I ettertid synte det seg at eg også fekk med Tor Ånund Rysstad til å snakke om e-sport, så han vil bli med om lag klokka 20.20.
Det blir spennande å høyre om e.sport, som er eit tema dei fleste godt vaksne, altså folk som hyrer på Valle Radio, ikkje veit så mykje om. Det er ein aktivitet for ungdom og unge vaksne, mest gutar og skjer på ein datamaskin.
For ein del år sidan hadde eg mange program om folkemusikk i radioen. Difor vart eg veldig glad då Gunnar Stubseid kunne bli med den siste delen av den aktuelle timen og fortelje litt frå den sida av kulturlivet. Valle Radio burde vel helst ha noko om folkemusikk nokså ofte no når vi i nokre år framover står på UNESC si liste over immateriell verdsarv. Eg er glad for at eg i alle fall denne gongen får med noko om dette.