Administratormøte

Share

På Setesdalswiki er det ikkje mange som skriv, så der treng ein ikkje særleg mange administratorar for å halde aktiviteten seriøs og fin. Alle må også registrere seg med namn, så det hindrar naturleg nok vandalisme i seg sjølv.

Men på Wikipedia kan alle skrive utan å registrere seg. Då er det bare IP-adressa som syner kven som skriv, om mange tenkjer at då er ein så anonym at ein kan gjere ting ein ikkje ville gjort om ein var registrert. Difor har Wikipedia mange administratorar som ryddar og slettar ting som ikkje høyrer heime i eit nettleksikon.

Det var 10-12 av oss som hadde møte i dag. Det gjekk føre seg digitalt på ei plattform som heiter Meet, og det var første gong ein gamal lærar som meg var med på noko slikt. Eg var nok eldste mann i laget også, dei fleste hadde nok ein alder rundt halvparten av min, og mange hadde datarelatert arbeid som levebrødet sitt også.

Etter litt felles informasjon frå han som kalla inn til møtet, vart det lista opp tema vi kunne snakke om, og så var det bare å bli med i samtalen. Det var sett opp tid frå klokka 13 til 17, men om lag 16.30 var visst dei fleste samde om at nok fekk vere nok. Då hadde vi vore innom mange tema som var viktige for å gjere nettleksikonet betre. Wikipedia er avhengig av kjelder, det er eit leksikon som heilt og fullt skal vere bygd på uavhengige kjelder. Setesdalswiki er ikkje så strenge på krava, nettopp fordi vi er få som skriv der. I starten var ikkje Wikiepdia heller så nøye med det, så det er over 40.000 artiklar som er uten kjelder.

Det vil nok ta nokre år før alle har fått sine kjelder, trur eg.