Koronapåske

Share

Valle Radio har også koronapåske. Det betyr at dei vanlege påskesendingan, påskebasaren, måtte gå ut, men Siri Johannessen laga i kveld ei lita erstatning. Dermed kunne folk på hytter og i hus få aktuell informasjon og høve til å sende helsingar, og det var mange som høyrde på, i alle fall om vi skal døme etter helsingane.

I løpet av sendinga hadde ho ein prat med kommunelege Benedicte Severinsen etter at Torleif Harstad hadde hatt kveldens andakt. Dei snakka om korona, naturleg nok, og var glade for at det var lite smitte å snakke om lokalt. Benedicte fortalde også om eit prosjekt ho støttar i Den dominikanske republikk, og Siri konstaterte at frå Setesdal støtta ein både Cuba, Ukraina og Romania.

Deretter tok ho opp tråden frå tradisjonelle påskesendingar med helsingar og musikk, og då gjekk det helsingar på kryss og tvers etter at ho hadde snakka med Sigurd Langeid frå politiet (vi er på vegen i heile påska), Ole Birger Lien (dårleg føre gjorde at han måtte utsette fjellturen til grytidleg torsdag), Unn Hovden, Børge Bakkstrøm (Røde Kors), sendt helsing frå redaktør Ørnulf Hasla, Preben Trondal Nilsen (Reiårsvatn hyttefelt) og Jan Helge Skaar (bypåske i år).

Slik vart det ein triveleg kveld  som innleiing på koronapåsken 2021.