Lang pause

Share

Etter å ha hatt ein lang pause, må eg visst kome i gang att med å skrive blogg. Eg vart litt slått ut av snørr og tungt hovud, men, som han syng: det går likar’ no.

Når ein er slik utan ork til anna enn å pusse nasen og helst vil halde senga, er det ikkje så mykje å skrive blogg om. I grunnen er det ikkje så mange hendingar i desse koronatidene heller,  så eg blir fort sitjande og sjå på sport på tv, det er jo nok av slikt på nrk1, så då slepp ein å bruke kanalveljaren også. Ho minner oss jo stadig om det, programleiaren i Sørlandssendinga, det er ingen grunn til å skifte kanal, seier ho.

I denne pausetida har det vore fleire sendingar frå Valle Radio. Onsdagskvelden hadde Ørnulf ein interessant prat med Margit Dale og etter det eg skjøna er det mangt og mykje på gang på Systog Dale. At Margit og Frode begge har sagt opp jobbane sine og klarer å leve av gardsdrifta saman med foredrag og bokutgjevingar, det er imponerande. Men Margit hadde 26.000 følgjarar på Internett eller var det Instagram, det gjev eit godt grunnlag for å kunne marknadsføre det ein held på med.

Endåtil koronapandemien klarte ikkje å stoppe arbeidet deira, det tok bare nye former.

Så får eg prøve å halde bloggen i gang att framover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *