Fleire sakprosasjangrar

Share

Eg sa vel ikkje at eg skulle skrive om alle sakprosasjangrane på bloggen, men i kveld går eg vidare på det oversynet som Ottar Grepstad har i boka Det litterære skattkammeret.

Under dialogiske tekstar har han dialog, i sjangeren brev har han offisielt brev og privat brev. No til dags får ein nok mest offisielle brev, til dømes frå banken eller eit offentleg kontor. Privatbrev er det mindre av, noko som gjer at ein ikkje lenger kan tenke seg å kunne forske på kva ein kjent person meinte om saker i brev han skreiv .

Så kjem vi til kategorien Essayistikk. Her er essay, epistel, skisse og kåseri. I Valle Radio dyrkar vi framleis kåserisjangeren i programposten Kvarteret, ikkje alltid like vellukka i mi tid, men Asbjørn Kvalbein sine små kåseri i serien om det vi ikke må miste er ofte små perler i kåserisjangeren.

Ein sjanger eg ikkje har vore særleg oppteken av er den som Grepstad kallar Aforistisk kortprosa.  Her finn vi aforisme. fragment, maksime, sentens og ordtak.

I sjangeren lærebøker kjem lærebok, lesebok og førelesning og i populærvitskap  har vi innføringsbok, populær fagbok og foredrag. I går skreiv eg om lærebokforsking på bloggen, basert på ei liste eg fekk, så det er jo ein svært levande sjanger, ikkje minst for alle som går på skule.

I sjangeren religiøs forkynning og oppbygging har vi preike, andakt, bøn, katekisme og traktat. Tenk på Andaktsboklista til Per Emanuelsen, der finn du mange eksempel frå denne sjangeren.

Oppslagsboksjangeren har handbok, leksikon, ordbok og almanakk, men leksikon på papir er nok ein sjanger som ikkje lenger blir oppdatert. Internettet og mobiltelefonen gjer at vi har leksikon på mange bind med oss i lomma kvar dag.

Den siste hovudsjangeren Ottar Grepstad nemner er Juridisk tekst. Undersjangrane er lov, forskrift, føresegn, instruks, vedtekt, konvensjon, rettstale, kjennelse og dom.

 

Lærebokforskning

Share

Av og til kan det vere interessant å finne ut meir om noko eg ikkje har peiling på. Eg fekk oversendt ei liste over litteratur som Rønnaug Haugland LYckander har laga i samband med første kapittel i ei avhandling ho held på med, og dermed vart eg litt hekta og ville finne ut meir om folka som var omtalt der.

Stoffet er jo ikkje akkurat relatert til Setesdal. men eg tenkjer at av og til kan ein jo lukke augo for det og heller gjere det ein har lyst til på Setesdalswiki sjølv om alle desse folka også hadde vore relevante for artiklar på Wikipedia, professorar i pedagogikk med mange bøker og artiklar i fagtidsskrift er godt innanfor relevanskriteria der.

Kan hende flyttar eg dei over til Wikipedia etter kvart. Men no er det greitt å skrive på Setesdalswiki,  Vi runda forresten eit nytt hundretal denne veka, 26. april hadde vi 93200 artiklar. Det brukte vi altså nesten fire månader på, for vi hadde 93000 ved årsskiftet.

Artikkelen Setesdølen nr. 28, 2021‎ var det som fekk oss over på nytt hundretal. no har vi 7 fleire, så kan hende klarar vi eit nytt hundretal innan utgangen av mai om skrivelysta held seg.

Eg har jo nokre fleire lærebokfrorfattarar å skrive om, og så har eg mange andre røde lenker å ta av, det står ikkje på emne, men heller på evne.

Ballevik

Share

I den fiktive byen Ballevik der folka er ulike typar ballar, skaper Tomm Erichsen frå Kristiansand ei verd med relasjon til Setesdal og Valle. I kveld fortalde han om det i samtale med Siri Johannessen i Valle Radio, ho hadde fanga det opp frå Setesdølen, der det hadde gått meg hus forbi.

Sjølv fekk eg vere med i radioen i kveld med kåseriet Sakprosa, som eg skreiv på bloggen i går. Det var jo moro med gjenbruk og å kunne bruke litt av Aasmund Olavsson Vinje sin tekst frå Ferdaminni om Grauten på Grut, var også moro. Eg godta meg då eg kunne lese skildringa hans av korleis grauten rispa seg ned gjennom halsen.

Her kjem det:

Det var Havregraut af det rette Slaget, det. Saadirne stodo med Piggar nett som Busti paa ein Griserygg, og svart var han som Ostegraut. Eg fekk god Mjolk og aat og aat, og det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen neg igjenom Ovnspipa. Det var so det skalv i meg af all denne sæle Njoting med kver Biten. Men daa eg bar til at metna, tenkte eg paa at gjeva ut ei Lærebok i Etarvitenskapen (Gastronomi), der Grauten Paa Grut skulde vera fyrste Kapitelet. Storetarar skulde kjenna for ei Sæla det er, naar det soleides skrapar og riflar nedigjenom og river med seg gamle Matsyndir; men fyrst maatte dei liksom eg vera trøytte og skrubbsoltne og som ein Lutefisk utbløytte af Sveitting og Lauging.

Men alt som eg metnade, skoknade Eldhugen (Begeistringen) for Grauten og Læreboki: og alt det Svarte eg saag ikring af Fat og Spon (Ske) og Bord og Benk og Golv, alt dette gjorde, at eg berre reiv af meg den verste Solten og ikki vilde skriva ei lenger Lærebok enn desse Ord.

Sakprosa

Share

Eg held på å lese boka Det litterære skattkammer og der er det ei oversikt over mange sjangarar innan sakprosa. Ottar Grepstad har laga eit oversyn med 14 hovudgrupper og 53 undersjangrar. Det er litt å bryne seg på.

Først kjem biografisk framstilling, i denne har han undersjangrane dagbok, memoarar, sjølvbiografi og biografi. Eg tolkar det slik at ein blogg er innanfor denne gruppa, for ein blogg er vel helst som ei dagbok skriven på nettet. (At min blogg også ofte er skriven nokså seint på kvelden, på grensa til natt, og gjerne har med noko om det eg har vore oppteken med denne dagen, er vel eit teikn på det.)

Neste gruppe er topografisk framstilling og i denne gruppa har han reiseskildring, topografisk skildring og naturskildring.

Tredje gruppe er Historisk framstilling. I denne finn vi annal, krønike, historie og dokumentarisk skildring.

Pamflett og debattbok høyrer til fjerde gruppe.

I femte gruppe finn vi vitskapsprosa, der er undergruppene avhandling, utgreiing, artikkel, samandrag og framtidsstudie.

Eg stoppar der og vender tilbake til dagboka, som har fått over tre sider i Grenstad si bok i tillegg til å vere nemnd fleire stader.

Grenstad skriv at dagboka er i utgangspunktet unik, den finst i prinsippet bare som manuskript. Men forfattaren kan likevel ha vore vel vitande om at dagboka ein gong ville bli publisert.

Men bloggen er ein tekst som blir publisert kvar dag, det er altså ei slags offentleg dagbok.  Han nemner Åsmund Olavsson Vinje si bok Ferdaminne som eksempel på ei dagbok som vart skriven for å bli publisert.

Om eg skulle slumpe til å skrive ein tekst som Grauten på Grut er nok likevel tvilsamt.

 

 

 

 

Ny stemme

Share

Tirsdagskvelden får vi høyre ein ny stemme i Valle radio. Kristian Mosvold studerer teologi og har praksis i Valle for tida og han skal både ha andakt og snakke med Siri i programmet Mann og musikk. Onsdag er det først sending frå morgonen av, då er det Regionrådsmøtet som blir overført. Om kvelden er det så møte i Valle kommunestyre.

Her er programmet for komande veke:

Tirsdag 27. april

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret,kåseri ved Harald Haugland

18.15 Andakt ved student Kristian Mosvold

18.30 Mann og musikk, en halvtime med Kristian Mosvold
19.00 Sanghalvtime

19.30 Timen med Tomm Erichsen om Ballevik i Setesdal, og Levd liv fra Norea med Tollef Byrkjedal
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 28. april

Teknikar: Jørund Georg Jore
09.00 Styremøte i Setesdal Regionråd
18.00 Kommunestyremøte i Valle kommune
Sendinga blir overført i radioen, live. Det vil seie at du må høyre medan sendinga går, du kan ikkje få podcast av sendinga seinare.

Kildeleiting

Share

I dag brukte eg ei stund på å leite etter kjelder til artiklar på Wikipedia. Det er to-tre tusen artiklar som ikkje har kjelder, og det høver ikkje i eit nettleksikon med usignerte artiklar.

Men å finne kjelder er ikkje så lett. Ein ting er at eg nok kan finne at stoffet er omtalt i ei eller anna kjelde, sjølv om det heller ikkje er så enkelt i alle høve, noko anna er å finne ei kjelde som dekker det meste av stoffet.

Vi likar jo best når kjeldene ligg ute på nettet.Men mange kjelder er i bøker eller aviser, så då må ein søke i Nasjonalbiblioteket sine databasar. Men er det nyare stoff som ligg til grunn for artikkelen, er det kanskje ikkje sikkert at det er ope tilgjengeleg.

Likevel fann eg noko, nok til at 10 artiklar fekk kjelder. For kvar kjelde eg legg til, får eg 15 poeng i den konkurransen som går denne månaden, så eg kom opp på over 500 poeng. Men det er langt opp til den som leiar og har over 2000 poeng, så det reknar eg ikkje med å klare dei få dagane som er att av månaden.

Men eg kjem nok til å halde fram litt til.

Mangesyslar

Share

Naboen vår er ein mangesyslar. Han har gravemaskin og tek på seg jobbar for mange folk, men har ikkje blitt med i arbeidet til Nye veier. Der er det mange som har funne arbeid på den nye E39 i denne tida, men han meiner at nokon må ta dei andre jobbane når folk treng hjelp til graving, alle kan ikkje vere låste til Nye veier.

Då eg hadde vore på Mandal legesenter denne veka, eg fekk Reidun til å kjøre, så slapp eg å leite etter parkeringsplass, tok vi ein tur rundt Kigevannet, det har eg skrive om på bloggen tidlegare i veka. Og så kom vi forbi naboen, det er ikkje så ofte vi er den vegen, turen går helst til byen og ikkje til Tregde, og så fekk eg motivet av to fyrlykgter som var utrangerte og tekne på land.

Då kom eg til å tenke på sitatet frå Kjærlighetens komedie av Henrik Ibsen: Kan hende jeg seiler min skute på grunn; men så er det dog deilig å fare!

Det er jo risiko for å seile skuta på land når fyrlykta står i Tregdeveien og ikkje på ein holme utanfor Tregde.

Kan være et bilde av utendørs

Høgspent

Share

Då stormen Knut raserte her sør for nokre år sidan, la han ned mange tre. Eitt eller fleire fall over lågspentlinja til oss, så vi var utan straum ein periode før Agder Energi fekk rydde opp. Heldigvis hadde vi gode naboar, Hans og Elin Kyllingstad trekte ledning frå sitt hus til vårt hus, slik at vi kunne ha straum til fryseboksen og andre nødvendige innretningar som trong straum.

Men høgspenten heldt seg, den går noko høgare og rotveltene nådde han ikkje. I ettertid er jo kraftgatene blitt breiare over heile Agder, ein vil unngå at rotvelt tek straumen om det skulle kome ein ny storm, noko som heilt sikkert vil skje, men som ein ikkje tenkjer på ein solfylt dag i april.

På bildet ser du kraftgata over Kigevannet. Om du du fylgjer den i retningene du ser inn i bildet, kjem du like over vårt hus. I motsett retning går straumen som trengst for å drifte elektriske anlegg på Skjernøy.

Nye veier

Share

Vi merkar godt i Mandal at ei ny tid er i emning. Eg trur ikkje det er mange som vil sakne Vatnebakken på vinterføre. No går arbeidet for fullt på strekninga frå kommunegrensa  for å lag ny veg til Mandal.

Slik vil den ta seg ut. Kartet fann eg her: https://www.nyeveier.no/prosjekter/e39-sorvest/

Dei skriv: Nye Veier har ansvar for utbygging av E39 mellom Kristiansand i Agder til Ålgård i Rogaland. Dagens E39-strekning er om lag 200 kilometer. Ny E39 blir trafikksikker, firefelts motorvei med fartsgrense 110 km/t. Motorveien vil i tillegg til reduksjon i antall ulykker gi vesentlig kortere reisetid for brukeren, og knytte Agder og Rogaland tettere sammen som felles bo- og arbeidsmarked.

Det er mykje som skal til for å lage ny veg. Alle som jobbar må ha ein plass å bu, så det er etablert bustadrigg i Kvitmyrveien ved sida av Mandal fengsel og Mandal Bilverksted.

Og så treng dei mykje asfalt. Asfaltverket ligg i nabolaget vårt, i Skjernøyveien.

Kan være et bilde av utendørs

Og her er kartet som syner rundturen:

Kan være et bilde av kart

Hår og ull

Share

Mangt og mykje ein kan lage program om i Valle Radio. Både hår og ull. I kveld hadde Siri fått med seg Ronny Larsson, frisøren på Bygland som alt frå han var 15 år ville bli frisør og som no har flytta heim til Bygland etter mange år borte. Han har vore frisør både i Oslo og i Bygland, men borte bra, heime best.

Så kom turen til ulla. Då var det Olav K. Nomeland som fekk fortelje, og det som han trudde skulle bli ein halvtime, vart fort 40 minutt utan at han merka at tida gjekk. Han skulle vel helst ha vore i sauefjøset, for lamminga starta i kveld, men heldigvis kom han i radioen og gav lyttarane eit levande glimt av heieliv og saueliv.

Olav var bare 12 år første gong han reiste på heia og skulle gjete, så gjennom meir enn femti år har han hatt eit variert og rikt liv i Setesdal Vesthei. Som liten var han med far sin for å kjøre bagasje for folk frå Kristiansand både med kløv og slede. Hyttene som Turistforeninga har i Nomeland Driftehei fekk dei vedlikehald av og proviantkøyring til, så det har vore mange turar med lass langt inn i heia, heilt til Urdevatn og Håhellar, det var vel ein tre timars tur etter det han fortalde.

Olav er også saueklyppar og klypper sauene sine sjølv, så livet hans handlar mykje om sau. Og så snakka han særs fint om hunden som var den beste hjelpa for å halde styr på sauene. Når folka sette seg ned for ein kopp kaffi, sirkla hunden rundt sauene og heldt dei på plass. Ein hund han hadde kunne mest lese tankane hans bare ved å sjå på kroppsspråket.

Jo, både hår og ull kan få liv når ein god forteljar sit bak mikrofonen.