Liten vekst

Share

Dette første kvartalet av 2021 har Setesdalswiki hatt liten vekst om ein tenkjer på nye artiklar. Bare 152 nye artiklar på tre månadar, Det er 50 i månaden, mot normalt minst 100. Eg var optimistisk ved årsskiftet og tenkte at vi kunne klar 1200-1300 også dette året, men eg trur det vil vi slite med å klare no.

Men sjølv om vi ikkje har så stor vekst som før, så puslar vi litt og det er stadig noko å skrive om. Sjølv har eg hatt ein periode der eg les ein del, og då blir det mindre skriving. Og det er ikkje så mange nye skribentar sjølv om vi av og til får ein som registrerer seg. Nokre gjer det utan å skrive, andre rettar ein feil dei har oppdaga, og så blir det med det.

Om det blir meir vekst når sevja stig og skogen grønkar, er ikkje så godt å seie. I desse koronatider er det mange som nyttar naturen, og det er nok råd å finne informasjon om både fjell og vassdrag i Setesdal på Setesdalwiki. Men det er mykje att å skrive om, så vi får sjå om vi ikkje klarar å få til noko også i neste kvartal når det vårast og sevja stig.