Thor Åmli

Share

Å høyre på Thor Åmli i Valle Radio i kveld var ein fest. Eg måtte ringe til han etter sendinga og takke for programmet. Han var så sprudlande og positiv og fortalde både levande og kjenslevart om både oppturar og nedturar i livet.

Ikkje mange menn arbeider i barnehage, Thor arbeider no saman med 11 kvinner og 3 menn i barnehagen i Kristiansand, men fortalde at på landsbasis er det 90% kvinner. Akkurat som det er godt å ha kvinner på typiske mannsarbeidsplassar, dei gjer noko med miljøet, er det å ha menn på typiske kvinnearbeidsplassar.

Thor har slutta å vere klatrestativ, fortalde han. Då han arbeidde i Hylestad barnehage, før han hadde teke utdanninga si, var han det, og då måtte han legge seg ned og kvile etter arbeidsdagen. Det var slitsamt. Men leike, det likar han framleis. Å renne ned bakkane frå Berg i Valle er framleis ei stor glede, akkurat som det var å ake då han sjølv gjekk i barnehagen i Tosong to dagar i veka då han var liten.

Og så er naturen viktig for Thor. Han har slutta å ha på høyretelefonar for å hyre ein podcast når han går tur, no høyrer han heller på fuglekvitter og bekkesus, naturen sin musikk egjev ro i sjela og harmoni i sinnet.

Etter det eg skjøna, hadde Siri og Thor planlagt ein halvtime, men timen gjekk og tida flaug fort i godt selskap. Takk for at vi fekk lytte med på ein slik sprudlande samtale.